Nytt storverk frå Jon Fosse

«Eg er ein annan» er, om mogleg, betre enn forgjengaren. Det seier ikkje lite.

Dei intense forsøka på å fokusere klårt på det som har skjedd før, det vi kan kalle minnearbeid, er også noko har til felles med Prousts klassiske verk, skriv vår meldar.
Publisert Sist oppdatert

Den førre romanutgjevinga, Det andre namnet, gjorde bruk av motiv frå Fosses rikhaldige forfattarskap og innførte også nokre nye element, til dømes den skumle bifiguren Skallen som plukkar opp gutar i varevogna si og gir dei pengar for å sitje på.

For første gongen

Eg er ein annan held fram der forgjengaren sluttar: Målaren Asle står nok ein gong framfor eit av bileta sine og det første han kjem i tankar om er nettopp det som skjedde etter ein biltur med Skallen. Mora finn tre kroner i bukselomma hans og spør om han har stole pengane. I det nesten umoglege valet mellom å setje ord på det skammelege og å gjere seg skuldig i å bryte det åttande bodet, gjer Asle det siste. Han lyg og fortel at han har funne pengane utafor bakaren. Løgna er overraskande vellukka og han blir til og med påskjøna for å vere uærleg. Etterpå gjekk Asle saman med ein kompis til eit naust og røyka sin første røyk.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS