Når paven inviterer inkvisisjonen
Pave Frans svarar på kritiske spørsmål frå ti unge personar. Er det her vi endeleg får svaret på om paven er blitt liberal?
MØTE: «The Pope: Answers» er ikkje først og fremst eit portrett av paven, men heller ei håpefull framsyning av slikt som skjer i møte mellom menneske, skriv Sofie Braut.
Disney+
At paven må vera ein mann både for dei mest grandiose av kulisser, men også for dei nære mellommenneskelege møta, er truleg sjølvsagt for verdas mest særmerkte kristen-leiar. Men korleis verkar det i praksis?
Sist sett i full skrud på ein påskedags tettpakka Petersplass framfor 45.000 tilreisande katolikkar, vert kontrasten stor til nærbiletet av den aldrande og sårbare Pave Frans som vi får i innleiinga til dokumentarfilmprosjektet The Pope: Answers, nyleg lansert på Disney+.
For her slepper vi så tett på 86-åringen, at vi nærast føler korleis det vonde kneet sviktar når han fotar seg.