Modig og verdig om eit stille liv

Siste bind i Edvards Hoems slektskrønike er ei tankevekkande skildring av eit kvinneliv det tilsynelatande ikkje er mykje å fortelje om.

edvard hoem
EIT RIKT LIV: Edvard Hoem minner oss på at ingen er berre det du ser, skriv Rolv Nøtvik Jakobsen.
Publisert Sist oppdatert

Etter seks kritikarroste og bestseljande bøker i Hoems slektskrønike, skriv forfattaren at årets utgjeving, Husjomfru, er den siste. Hovudpersonen i dette avslutningsbindet er Julie Elisabeth Hoem, den yngste dottera til felemakaren Lars Olsen Hoem.

Som mange av oss hugsa frå den førre boka, var Lars ein handverkar og kunstnar som sette spor etter seg. Han opplevde sjølv dramatiske hendingar, til dømes slaget på Københavns red i 1801. Han var i fleire år engelsk krigsfange, før han vende tilbake til Kristiansund, der han vart godt gift og far til i alt sju døtrer.

Dottera Julie, derimot, sette ikkje så mange spor etter seg. Det finst ingen brev eller oppteikningar etter henne, ho fortalde ingen om livet sitt og etterlét seg ingen familie då ho døydde einsam på ein aldersheim i Bergen i 1911. Ikkje eingong den stolte yrkestittelen hennar, husjomfru, er forståeleg lenger.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS