M. Seppola Simonsen bør ta djervskapen med seg vidare
M. Seppola Simonsen freistar gjennom naturlyrikk å finna eigne slektsrøter i det kvenske miljøet som poeten språkleg og kulturelt har vore utestengd frå.
KVENSK IDENTITET: M. Seppola Simonsen (født 1998) skriv fram kvensk identitet, språk og tap i diktdebuten Hjerteskog/Syđänmettä. Lovande, men diktar-eget har noko uklårt og anonymt over seg, meiner vår meldar.
Erlend Berge
Eg visste svært lite om kvenene, deira historie og kultur, til eg kring 1970 vart ven med forfattaren Idar Kristiansen som fortalde meg om dette folket han kom frå og som raust gav meg bøkene sine. Både samværa med den sårbare Kristiansen og lesinga av bøkene frå kvensk miljø var eit på same tid gledeleg og vondt møte med kulturell rikdom og det norske storsamfunnets trakassering og usynleggjering.
Identitetsleiting
Ei formulering i dagens bok, diktsamlinga Hjerteskog/Syđänmettä av M. Seppola Simonsen les eg som sentral i lagnaden for mange av kvensk avstamning: «det er kvensk å tro/ at man ikke er kvensk». Det fortel både om ei mindreverdsgjering av det kvenske og om ei flukt frå den nedervde kvenske identiteten som resultat av undertrykkinga.
Bestill abonnement her
KJØP