Kva viss vi blei flyktningar?
Thomas Vinterbergs dramaserie «Familier som våre» undersøker kva som skjer dersom eit land blir stengt ned og folket må dra i eksil. Alt er ikkje like truverdig, men serien er både spennande og tankevekkande.
AKTUELL SERIE: Thomas Vinterbergs TV-serie «Familier som våre» er god fordi han viser korleis eit samfunn kan fungere, og dysfungere, under sterkt press, meiner vår meldar Alf Kjetil Walgermo. Utgangspunktet for serien er at Danmark er i ferd med å slukt av stigande havnivå, så befolkninga må evakuerast.
PER ARNESEN
Det har gått nokre år sidan Thomas Vinterberg og Lars von Trier etablerte dogmefilmen som konsept – eit opprør mot film som effektdriven og overflatisk pengemaskin. Med Festen skreiv Vinterberg seg inn i filmhistoria, og har sidan markert seg med titlar som Submarino, Jakten og Et glass til, der sistnemnte utløyste ein Oscar for beste framandspåklege film.
Når Vinterberg no debuterer som regissør for ein TV-serie, Familier som våre, er vi eit godt stykke unna dogmefilmen. Samtidig finst framleis noko av den same viljen til å gå inn i idédramaet og løfte levande bilete som eksistensiell kunstform. Vinterberg er interessant, for han har ambisjonar ut over å underhalde. No synest det samtidig som om han siktar mot eit breiare publikum.
Snart slukt av havet