Kafka skriv meisterleg om avmakt

Franz Kafkas klassiske roman Prosessen kjennest uhyggeleg aktuell i eit Europa der diktaturet trugar.

BRENNAKTUELL: Franz Kafkas meisterverk «Prosessen» finst no på nynorsk i Jon Fosses omsetting. Slik pandemien nyleg fekk folk til å hente fram att Albert Camus, tilseier situasjonen i Europa at også Kafka bør lesast på nytt, skriv Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Eitt av mine fremste reisemål på interrail i ungdommen, var huset til Franz Kafka i den tsjekkiske hovudstaden Praha. Eg hugsar enno kor oppglødd eg var ved å vere i geografisk synk med ein av verdas fremste forfattarar, og korleis eg straks sette meg på ein kafé for sjølv å skrive. «Instant inspirasjon», kan ein vel kalle det. (Her hoppar eg over korleis eg under den glødande skrivinga kom i skade for å velte kaffikoppen min utover kafébordet og heile utkastet til det framtidige meisterverket.)

Kafkas roman Prosessen er eit av verdslitteraturens store klassikarar, og figurerer hyppig på toppen av listene når ulike forståsegpåarar kårar verdas beste bøker. Det er både frydefullt og skremmande å forsøke å bringe noko nytt til torgs om ein gjennomanalysert roman som dette, ein som eg sjølv hadde på pensum i litteraturvitskap på Universitetet i Oslo for ein kvart menneskealder sidan.

Litterær nyhending

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS