Isolert på øy i storhavet

Sigríður Hagalín Björnsdóttir har skrevet en dystopisk roman om eit isolert Island der demokrati og etiske verdiar raknar.

Av Knut Ødegård

Sigríður Hagalín Björnsdóttir er kjent som ein dyktig fjernsynsjournalist i den islandske rikskringkastinga. Ho er kunnskapsrik, stiller utfordrande spørsmål og gjev klåre skildringar av nyhende både innan- og utanriks.

Det er ikkje lenge sidan ho formidla for sjåarane den tragiske situasjonen for folk og dyr nord i landet då dei misste straumen i fleire dagar. Uvêr med storm og snø gjorde det mest uframkomeleg, utegåande hestar døydde, bøndene fekk ikkje mjølka kyrne,­ det var eit spørsmål om kor lenge ein kunne klara seg utan matvarer, bensin og så bortetter. Men det store spørsmålet var korleis slikt kunne skje i eit så gjennomteknifisert samfunn som det islandske.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS