Himmelsk møte på Kjerringøy

Carola er første artist ut i den nye sesongen av «Hver gang vi møtes» på TV 2. Det er berre å takke Gud og alle andre involverte.

Carola er hovudgjest i Hver gang vi møtes på TV 2
HVER GANG VI MØTES: Carola er hovudgjest i Hver gang vi møtes på TV 2. Ho tok med seg artistkollegaene sine i den lokale kyrkja på Kjerringøy: (f.v.) Kjartan Lauritzen, Ina Wroldsen, Thomas Dybdahl, Carola, Jonas Benyoub, Astrid S og Stein Torleif Bjella.
Publisert Sist oppdatert

«Hver gang vi møtes» er eit glitrande konsept. Der mange musikkprogram på fjernsyn handlar om at folk ryk ut etter kvart, står alle att som vinnarar etter nye møte på Kjerringøy. Dyktige artistar møtest for å lytte til kvarandre, snakke med kvarandre, tolke kvarandre og løfte kvarandre. Og vi som sjåarar får vere med på alt saman. Rett så ofte kjenner eg meg løfta sjølv.

Det første programmet i år er med Carola Häggkvist som hovudgjest, og maken til sesongstart har vel programkonseptet knappast hatt. «Endeleg! Som eg har sett fram til dette!» seier Carola. Vi òg. Carola er som skapt for slike møter, med si mangslungne livshistorie, si kristne livshaldning og sin varme måte å sjå andre menneske på.

Før eg seier meir om Carola, må eg seie litt om artistane ho møter i programmet. For det er nettopp dette som er gullet i «Hver gang vi møtes»: den sterke dynamikken som oppstår mellom menneske som kvar for seg er einarar på feltet sitt. Her smeltar eit kvart tilløp til sjølvopptattheit bort, til fordel for eit sterkt ønske om å sjå, inkludere og hylle kvarandre.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS