Håp, makt og avmakt i klasserommet

To ferske kinofilmar tek oss tett på kvardagen til skulelæraren. Lærarane har aldri hatt det vanskelegare, og aldri har dei vel heller vore viktigare.

SKULETRØBBEL: Læraren Carla Nowak (Leonie Benesch) viklar seg inn i trøbbel i den tyske dramafilmen «Lærerværelset».
SKULETRØBBEL: Læraren Carla Nowak (Leonie Benesch) viklar seg inn i trøbbel i den tyske dramafilmen «Lærerværelset».
Publisert Sist oppdatert

Debatten om den norske skulekvardagen har den seinare tida blitt endå nokre knepp kvassare. Fleire ser med uro på det eskalerande valdsnivået blant unge ungdommar, der ein del av biletet er gjengar som rekrutterer mindreårige til å utøve kriminelle handlingar. I takt med at lærarane har mista maktmiddel i skulen, er det blitt eit problem med vald og truslar mot yrkesgruppa. Framstegspartiet var nyleg ute og kravde radikale endringar i ein skule der både «elevar og lærarar blir haldne som gislar i klasserommet».

Midt i denne skuledebatten har det den seinaste veka dukka opp to utanlandske spelefilmar med skule- og lærartematikk på dei norske kinolerreta. Filmane tematiserer ulike sider ved det å vere lærar i skulen i dag, og spenner geografisk frå Mexico til Tyskland, men har mykje å melde også til norske film- og skuleinteresserte.

Stimulerer til kreativ læring

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP