Ein liten bit av Bob Dylan

James Mangold har laga ein sjåverdig spelefilm om Bob Dylans unge år. Men gåtene rundt den legendariske artisten er der framleis.

A Complete Unknown
DYLAN: «A Complete Unknown«, filmen om Bob Dylans unge år, har sin styrke i å gjenskape stemninga og sentrale historielinjer frå ein svært viktig periode i internasjonal musikkhistorie.
Publisert Sist oppdatert

Dei seinare par tiåra har det komme fleire interessante filmar om Bob Dylan. Todd Haynes regisserte musikalen I’m Not There, som dukka ned i ulike sider ved Bob Dylans persona ved å la seks ulike skodespelarar spele dei ut. Martin Scorsese har kome både med pseudodokumentaren Rolling Thunder Revue og dokumentaren No Direction Home. Den sistnemnte tek for seg dei fem åra frå Dylan kjem til New York på begynninga av 1960-talet, den same tidsperioden som James Mangold skildrar i den nye spelefilmen A Complete Unknown.

Mange vil nok kjenne att Mangolds filmtittel som ei strofe i Dylan-låten «Like a Rolling Stone», som både står som ein av dei mest ikoniske låtane i Dylans enorme produksjon og ein markør for Dylans overgang frå folk-artist til rockeartist.

Ein kan stille spørsmål ved om dette faktisk var ein overgang, for Dylans musikk har alltid har overskride trongt definerte musikalske kategoriar. Uansett er spenninga mellom den amerikanske folk-tradisjonen, representert ved Newport Folk Festival og artistar som Pete Seeger, og lyden av den nye tida ein viktig faktor i A Complete Unknown. Filmen hintar blant til ei av dei mest seigliva mytene i amerikansk musikkhistorie, nemleg at Seeger prøvde å kutte straumen med øks då Dylan gjekk elektrisk på Newport-festivalen i 1965.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS