Ei medrivande skildring av sørafrikansk historie
Gjennom fire heilt forskjellige gravferder gir Bookerpris-vinner Damon Galgut innsyn i eit Sør-Afrika i endring.
TID OG HISTORIE: «Løftet» er ein meditasjon over den melodien tida speler, i liva til dei det gjeld og i det sørafrikanske samfunnet gjennom 30 år, frå slutten på apartheid og fram til i dag.
Schalk van Zuydam
Da trebarnsmora Rachel døyr, samlast familien for å vere med på gravferda. Gravferder er jo eit godt høve til bearbeide fortida, tale sant om levd liv og saman finne ut kva forhold dei som sit igjen skal ha til kvarandre framover. Det er berre det at enkemannen og slekta hans kjenner seg svikne over at Rachel etter mange år som presbyterianar, har vendt tilbake til jødedommen. Gravferda skal etter hennar eige ønske gå føre seg etter jødisk tradisjon. Den blir ikkje akkurat samlande. Den sørafrikanske rabbinaren som held seremonien kjenner seg i møte med den splitta familien like utfordra som da «han først befattet seg med Israel-spørsmålets moralske sider».
Boka Løftet, som no blir utgitt på norsk, vann i fjor høgst forståeleg den prestisjetunge Booker-prisen.
Ulike livssyn