Døden stiller livet i relieff

Lev Tolstojs langnovelle «Då Ivan Iljitsj døydde» fangar eit evig og ålmenngyldig spørsmål: Med døden som uunngåeleg realitet, korleis lever vi livet vårt?

lev tolstoj
MEISTERVERK: Lev Tolstojs «Då Ivan Iljitsj døydde» tek deg ikkje meir enn ein sommarkveld å lese, men faren er stor for at historia vil følgje deg til langt ut i livsens haust, skriv Alf Kjetil Walgermo. Her er Tolstoj fotografert i 1908.
Publisert Sist oppdatert

Den russiske forfattaren Lev Tolstoj står som ein påle i verdslitteraturen. Ved sidan av dei store romanane som Krig og fred (1865–1869) og Anna Karenina (1875–1877), er det vel verdt å lese også somme av dei mindre skriftene hans. Mindre i omfang, ikkje i innhald og betydning, for å seie det slik. Skriftemål, det første hans skreiv etter Anna Karenina, gir oss Tolstojs refleksjonar rundt den kristne trua i konsentrat.

No er nyleg Då Ivan Iljitsj døydde komen i glitrande nynorsk omsetting ved Geir Pollen, den første skjønnlitterære boka Tolstoj skreiv etter Anna Karenina og den åndelege krisa han opplevde på slutten av 1870-talet.

Som mann i midten av 40-åra, røskar Då Ivan Iljitsj døydde ekstra tak i meg. Hovudpersonen er nettopp ein slik, ein tilsynelatande vellukka og velfungerande dommar som brått er begynt å kjenne på ei smerte i mageregionen. Vi forstår nokså raskt at han er kreftsjuk. Og, som tittelen avslører, det er ingen stor løyndom at sjukdommen fører til død.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS