Det norske hus finst ikkje meir
ANMELDELSE: Jan Kjærstad har skrive haustens beste bok om Arbeidarpartiet og vår tid.
INSPIRASJON: – Dersom Jonas Gahr Støre treng lesestoff ein sein kveld etter budsjettforhandlingar i Stortinget, kan han bla opp i Jan Kjærstads nye roman, «Valgdager», meiner Vårt Lands kritikar.
Erlend Berge
Kva skjedde med oss? Frå tid til annan stiller vi sjølv det spørsmålet då vi ser inn i spegelen og stirer i vårt eige ansikt.
Å forsøke på svare på dette store spørsmålet, er ein gjennomgangstone i Jan Kjærstads forfattarskap. Derfor er også hans siste bok, Valgdager, eit nytt slikt spegelbilete. Det er førestillinga om det norske sosialdemokratiet som ser seg i spegelen.
Dersom Jonas Gahr Støre treng lesestoff ein sein kveld etter budsjettforhandlingar i Stortinget, kan han bla opp i Kjærstads bok. Det er ikkje sikkert det vil løfte stemninga, men det vil løfte perspektivet.