Den «kvite kristne staten» er eigentleg ein kriminell bande
ANMELDELSE: Trass friske påstandar, eindimensjonale skurkekarakterar og ei trong til forenkling, er Applebaums historie frå verkelegheita god lesing på fleire vis.
SUPERSKURKAR: Den Pulitzar-vinnande kommentatoren og forfattaren Anne Applebaum meiner superskurkane finst på ekte, og gjer god greie for påstanden i boka Diktatorklubben – autokratene som ønsker å styre verden.
CHARLES DHARAPAK/NTB
Born ser gjerne filmen De utrolige. Det er ein familie av superheltar som prøver å redde verda frå ein skummel bande av superskurkar. Den Pulitzar-vinnande kommentatoren og forfattaren Anne Applebaum meiner superskurkane finst på ekte, og gjer god greie for påstanden i boka Diktatorklubben – autokratene som ønsker å styre verden.
Sjølv tar Applebaum på seg den raude superheltdrakta, og prøver med pennen å avsløre dei intrikate samanhengane i det kriminelle nettverket ho kallar Diktaturet og co. Medlema er ingen ringare enn namn som Vladimir Putin, Xi Jinping og ayatollaene i Teheran. Dei skjular seg bak ideologiske kamuflasjar, medan dei i realiteten berre er oppteken av ein ting: å bli rikast mogleg på kostnad av sine eigne folk.
Eindimensjonale skurkekarakterar