Nyheter

Sjå ammande mødre og nyfødde på ei travel fødeavdeling

På denne fødeavdelinga i Manilla på Flippinane blir det fødd 60 barn om dagen i gjennomsnitt.

Her er det stadig glede over ein vellukka fødsel. Vi er på Dr. Jose Fabella Memorial Hospital i den filippinske hovudstaden.

Det er den travlaste fødeavdelinga på Filippinane. Folketalet på Filippinane veks med 2 prosent om året, det er godt over gjennomsnittet i Søraust-Asia på 1,7 prosent. Det vert fødd i gjennomsnitt 200 barn kvar time i landet.

Det er mangel på metodar for å bremse fødselstalet, mellom anna på grunn av sterk innverknad frå den katolske kyrkja.

Snart er det 100 millionar menneske på Filippinane, og landet er på andreplass i storleik i regionen etter Indonesia.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter