Nyheter

Pavebesøk skaper hatbølgje i Israel

Jødiske ekstremistar sprayar ned kyrkjer og kjem med drapstruslar mot kristne. – Dette er terror mot våre kyrkjer, sier biskop.

Dei sekteriske spenningane i Jerusalem er kanskje høgare enn nokon sinne etter at fleire hatefulle handlingar har funne stad dei siste vekene.

– Våre kyrkjemedlem er bekymra, seier Munib Younan, palestinar og biskop for dei lutherske kyrkjene i Jerusalem.

Ei kyrkje i Nasaret mottok for kort tid sidan trugslar om at 100 arabiske kristne ville bli drepen dersom dei ikkje flykta landet innan den 5. mai.

– Vi forlèt ikkje landet. Vi har vore her i 2.000 år og blir 2.000 år til, seier biskopen. Han er også uroa over bølgja av hatkriminalitet i Jerusalem mot kristne kyrkjer.

Spenningstopp. Jerusalem har lenge vore ein by med sekteriske spenningar, men dei siste vekene har det toppa seg:

* Kyrkjer, moskear og andre religiøse bygningar har i lang tid blitt utsett for hatefulle spraybodskap. Men tagginga, utført av høgreorienterte jødiske ekstremistar, har hatt ei bratt auke den siste tida.

* Politiet bad den katolske kyrkja i Jerusalem om at ein velkomstplakat for pave Frans, som kjem til Israel for første gong i slutten av månaden, måtte bli fjerna frå ei gate i gamlebyen. Politiet meinte plakaten ville få sinnet hos jødar som er mot pavebesøket til å flamme opp.

Skeptisk til politiet. I etterkant nektar politiet for denne forklaringa, og seier at årsaka til at dei ville ha plakaten vekk, var for å handheve reglane for gamle bygg i bydelen. Kommunale tenestemenn bekreftar også politiets påstandar og seier at skiltet er forbode i samsvar med forskrifter for gamle bygningar som er freda.

Men ifølgje avisa Haaretz stiller kyrkjeleiarane seg overraskande til politiet sin respons. I staden for å ta tak i den hatefulle tagginga som har auka den siste tida, brukar dei kreftene på ein «fredeleg plakat som ynskjer paven velkommen på tre språk», skal katolikkane ha uttalt.

LES MEIR: Israels president har ikke gitt opp troen på fred

– Jesus er søppel. Fredag i førre veke vart det oppdaga anti-kristen graffiti på ein vegg ved sida av ei romerske kyrkje i gata Hahoma Hashlishit i Jerusalem. «Prislapp, kong David er for jødane, Jesus er søppel», lyste det på veggen før vandalismen vart måla over.

– Dette er terror mot våre kyrkjer, seier den lutherske biskopen Younan.

Han etterlyser konkrete handlingar frå politikarane og saka har fått politisk merksemd. Blant anna den israelske justisministeren Tzipi Livni har fordømt handlingane og beordra ekstremistane fengsla.

– Det er eg glad for, men vi treng langsiktige tiltak også. Det er dårleg og manglande utdanning som har gjort ekstremistane hatefulle mot andre religiøse. Alle her må lære at vi skal bu fredeleg i saman, både kristne, muslimar og jødar, seier biskopen til Vårt Land på telefon frå Den heilage byen.

LES MEIR: Israel har sagt ja til 14.000 nye bosetterhjem

Politiske spenningar. Biskopen trur den politiske situasjonen har meir å seie for den uvanlege spente situasjonen. Fredsforhandlingane mellom Israel og Palestina, som vart lagt på is i førre månad, provoserer ekstremistane meiner biskopen.

– Jo meir dialogar som er på gang, jo meir vil ekstremistane oppføre seg som parasittar og protestere. Dette er grunnen til auken av den hatefulle tagginga, seier lutheranaren.

Katolsk uro. Men Vatikanet er uroa over Israels manglande kontroll over hat-kriminaliteten.

Prost i Oslo, Trond Bakkevig, er ikkje i tvil om at pavebesøket provoserer jødiske ekstremistar.

– Sidan Vatikanet tydeleg har anbefalt ei tostatsløysing og i tillegg kritisert menneskerettsbrot, også hos Israel, føler ekstremistane at Vatikanet er i mot dei. Dei meiner i tillegg at katolikkane har ekstra skuld i spreiinga av antisemittismen som førte til Holocaust, seier Bakkevig som er leiar i Rådet for religiøse institusjonar i Det heilage land.

Rykte. Høgre-ekstremistiske jødar har i tillegg sett ut eit rykte om at Israel og Vatikanet skal underskrive ein avtale som gir den katolske kyrkja råderett over staden der den bibelske kong David skal ha blitt gravlagt. I følgje tidsplanen skal nemleg paven be i rommet der ein hevdar Jesus hadde sitt siste måltid før krossfestinga. Denne staden ligg over gravplassen til kong David.

Sjølv om både katolikkane og israelske styresmakter har avvist rykta, har det satt sinnet i kok hos mange.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter