Nyheter

Kjøp lodd - vinn prøverøyr eller surrogatmor

Einslege vil får tilbod om donoregg eller donor-embryo.

Det å prøve å få barn er i bokstaveleg tyding blitt eit reint lotteri i Storbritannia. Eit nytt lotteri har eit forsøk på å få barn med prøverøyrsmetoden som toppgevinst ein gong i månaden, melder avisa The Telegraph. Også surrogatmødre kan vere ein del av gevinsten.

Lodd i lotteri vil komme for sal 30. juli. Det vil vere råd å kjøpe lodd på internett, og lodda vil koste 20 pund.

LES OGSÅ: Monsen om surrogati: «Barneindustrien open for alle»

LES OGSÅ: Surrogati: Å gje frå seg barn liknar å gje frå seg nyre

LES OGSÅ: VG: Liberal tåke over debatt om surrogati

Lotterikommisjonen som fører tilsyn med lotteriverksemda, har gitt lisens til organisasjonen To Hatch som tilbyr råd til par som treng prøverøyrsmetoden – eller IVF.

Toppgevinst. Toppgevinsten i det nye lotteriet vil vere på 25.000 pund. Det vil sikre rett til skreddarsydd behandling ved ein av dei beste prøverøyrsklinikkane i landet.

Ikkje berre par vil kunne vinne. Også einslege, homofile, lesbiske og eldre loddkjøparar vil kunne innkassere toppgevinsten i lotteriet og få betalt forsøk på å få barn.

Dersom standardbehandlinga sviktar, vil vinnaren få tilbod om å bruke donoregg, kirurgi eller til og med bruk av surrogatmor, melder fleire britiske aviser.

Eggdonor. Dersom ei kvinne over 45 vinn – det er den øvre aldersgrensa i det offentlege britiske helsevesenet – vil det truleg bli tilbod om eggdonor. Dersom ein einsleg mann eller ei einsleg kvinne vinn, vil dei enten få sæd frå donor, tilbod om surrogatmor eller ein embryo frå ein gjevar.

Med i gevinsten er også ein mobiltelefon for at dei skal kunne ha kontakt med legar heile tida, skriv avisa.

Toppgevinsten er planlagt å komme ein gong i månaden, men kan komma annakvar veke, skriv The Sun.

Kritikk. Lotteriet møter kritikk, skriv The Daily Mail. org/web/ScienceinSociety/Past_projects/Sex_Selection/_Biography_Josephine_Quintavalle.htm Josephine Quintavalle frå ei gruppe som steller med etiske dilemma – Comment on Reproductive Ethics– seier at lotteriet fjernar meininga med det naturlege i menneskeleg reproduksjon.

– Å skape menneskeleg liv skal ikkje reduserast til eit offentleg lotteri. Burde vi ikkje heller investere meir i fertilitetsproblem? spør ho.

Camille Strachan i To Hatch seier at fleire klinikkar i det offentlege helsevesenet har kutta i tilbodet om assistert befruktning og at tusenvis av par ikkje har råd til å betale 5.000 pund for kvart forsøk å bli gravid.

– Vi vil tilby kjempande foreldre skreddarsydd hjelp. Vi håpar at lotteriet kan redusere presset på helsetenesta og redusere stresset for dei som kjempar, seier ho.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter