Kultur

Ingen oversikt over skjermbruk i skolelunsjen

Foreldre fortviler over at elevar bruker skolelunsjen til å sjå på Netflix. – Mitt inntrykk er det er blitt ein regel heller enn eit unntak, seier skodespelar Ane Dahl Torp.

Når barna no kjem tilbake på skolen etter sommarferien, er det stor sjans for at læraren sett på storskjermen når elevane finn fram matpakka. Fleire og fleire­ foreldre reagerer på skjerm­bruken under matpausane i barneskolen. Skodespelar Ane Dahl Torp er ei av dei.

– Veldig mange foreldre prøver å kontrollere skjermtida til barna­. Det er ein knallhard kamp.

Torp seier det ikkje er lett å hindre at barna blir sittande med skjerm innanfor husets fire ­veggar.

– Når da skolen kjem inn og tilbyr skjermtid som rein underhaldning, slik det er i matpausane­, så tenker eg: Kunne­ dei ikkje heller ha lese ei bok?

Oslo  20171023.
Skuespiller Ane Dahl Torp spiller en av hovedrollene i "Skjelvet", som har forventet  kinopremiere 31. august neste år. 
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Mitt inntrykk er at bruken­ av skjerm i matpausane er blitt ein regel heller enn eit unntak i veldig mange klasserom, seier Ane Dahl Torp. Foto: Lise Åserud/NTB scanpix

Regel heller enn unntak

Torp har tidlegare tatt til orde for ­reglar for bruk av sosiale medium på skolen. Ho fortel at ho kan hugse lærarane lese for henne, og at det var ei roleg og god stund med trøyst. Ho meiner skolen her har ei oppgåve som utdanningsinstitusjon.

– Høgtlesing i matpausen er ein gyllen anledning for det som ikkje står i læreplan eller på pensum, men som rett og slett vil gi barna noko anna enn det heile samtida roper om. Det å bli lest høgt for, er spesielt.

Torp skjønner at det er utfordringar for lærarane på skolen.

– Men mitt inntrykk er at bruken­ av skjerm i matpausane er blitt ein regel heller enn eit unntak i veldig mange klasserom.

LES MER: Michelle Tisdel vil formidle historien: – Vi glemmer at antirasisme har en historie i Norge

Ingen retningslinjer

Når vi ringer Utdanningsforbundet og spør om dei har tal på kor ­utstrakt bruken av skjerm i matpausane er, svarer dei at dette veit dei lite om.

Heller ikkje Utdanningsdirektoratet har noko kjennskap til bruken av skjerm i matpausane.

– Vi ber ikkje skolane om å rapportere dette til oss, og kan derfor ikkje uttale oss om det er utstrakt eller ikkje, svarar Stine Grimsrud, seniorrådgjevar.

Ho ber oss ta kontakt med ein av dei større skoleeigarane. Det vil seie ein av dei større kommunane, sidan det er kommunane som er ansvarlege for grunn­skoleopplæringa.

Men heller ikkje utdannings-etaten i Oslo kommune har noko å melde. Dei skriv at dei har ­ingen retningslinjer for skjermbruk i matpausane, og at dei har ingen planar om å lage det.

Utbreidd praksis

Det samsvarer med kva Severin Zinöcker erfarte da han prøvde å få svar frå byråd for oppvekst og kunnskap i Oslo, Inga Marte Thorkildsen (SV). Zinöcker er far til to barn som da gjekk i første og andre klasse.

– Det begynte med at eg tok saka til rektor på skolen til barna­ mine. Men eg visste utifrå det eg høyrte frå andre foreldre på ­andre skolar, at dette var utbreidd.

Zinöcker tenkte noko måtte bli gjort, og ikkje berre på skolen­ der hans eigne barn gjekk. Først prøvde han å ta ein telefon, så sendte han e–post, før han til slutt fekk svar frå byråden. Thorkildsen svarte at ho ikkje var kjend med at dette var utbreidd praksis på fleire skoler.

– Da fekk eg hakeslepp. ­Visste ho ikkje om dette? At fleire ­skoler slår på TV–en når barna skal kunne ete i fred og ro? Da sendte­ eg eit innbyggarforslag.

LEST DENNE? Kunsten om 22. juli – Vi må i enda større grad forstå radikaliseringsprosessar

Severin Zinöcker

Severin Zinöcker er far til to skolebarn. Han høyrte frå andre foreldre på ­andre skolar, at det å la barna sjå Netflix i lunsjpausen, var utbreidd. Foto: Erlend Berge

Svar frå byråden

Alle innbyggarar i Noreg kan få saka si behandla av kommunestyret dersom det blir samla inn tilstrekkeleg underskrifter. Forslag som støttes av to prosent av innbyggjarane i kommunen, må bli behandla. I store kommunar som Oslo er det nok med 300 underskrifter.

Zinöcker fekk samla inn nok underskrifter. I 2019 svarte Thorkildsen på innbyggarforslaget om bruk av skjerm i matpausane.

I sitt svar skriv ho at forsking viser at TV-titting i matpausen kan hindre sosial omgang og gode samtalar. Ho viser òg til at helsedirektoratet har uttalt av bruk av TV kan forstyrre samtalen rundt måltidet.

Men Thorkildsen legg til: «Det er likevel slik at bruk av TV og/eller annen underholdning i matpauser også kan være positivt. Vi vet at en del skoler lar elevene se på nyheter (Supernytt), dokumentarer eller andre lærings­rike programmer under måltidet. Dette kan igjen gi mulighet for elevene til å skape diskusjon og læring om det de har sett.»

Vidare skriv byråden at ho ser det som svært viktig at matpausen skal «i størst mulig grad ­disponeres fritt av elevene».

Likevel ønskjer ikkje Thorkildsen å detaljstyre korleis skolane skal organisere matpausen.

«Det må være opp til den ­enkelte skole å sette gode rammer for matpausen som både ivaretar elevenes avkobling og sosiale læring,» avsluttar byråden­.

Oslo 20200417. 
Byråd for oppvekst og kunnskap, Inga Marte Thorkildsen (SV), under pressekonferansen om koronasituasjonen.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Skulen må sjølv avgjere kva barna skal gjere i matpausen, meiner byråd Inga Marte Thorkildsen. Foto: NTB scanpix

Abdiserer frå ansvaret

Zinöcker synes grunngjevinga til byråden ikkje held mål.

– At ho ikkje vil legge seg opp i kva som er praksisen i dei ­enkelte skolane, er svakt. Er det å detaljstyre om byråden legg føringar for korleis skolane bør gjennomføre matpausar?

Thorkildsen abdiserer frå ­ansvaret sitt som leiar for Osloskolen, meiner Zinöcker.

– Eg fekk inntrykk av at ho ikkje vil ta tak i dette. Kva er det eigentleg ho meiner?

LEST DENNE? Teolog Gyrid Gunnes: – Jeg har aldri fått så mye hets som etter kronikken i Vårt Land

Ønskjer ikkje detaljstyre

Når vi konfronterer byråden i Oslo kommune med utsegna til Zinöcker, viser byrådssekretær Tarjei Helland til svaret som byråden ga tidlegare.

– Ho var tydeleg på ho ikkje ønskjer å detaljstyre korleis skolane skal organisere matpausane­. Heller ikkje Opplæringslova regulerer dette.

– Men gitt at dei nasjonale faglege retningslinjene ber ­skolen om å legge fysisk til rette for måltid som fremmar matglede, sosialt samvær, trivsel og helse – kan ein ikkje da argumentere for at utstrakt skjermbruk kjem i konflikt med dette?

– Det er jo nettopp poenget. Vi har retningslinjer som er klare på korleis matpausane skal vere. Skolane skal imøtekomme det, også når det gjeld eventuell bruk av TV. Detaljstyring frå byråden utover dei retningslinjene som finst, ønskjer vi ikkje.

Ikkje lov å snakke

Zinöcker oppdaga først praksisen med skjermbruk i matpausane etter å ha snakka med barna sine. Ein dag han kom tidleg og henta, sat dei med matpakkene framfor ein storskjerm.

– Lyden var øyredøyvande høg, og eg forstod etter kvart at dette ikkje var eit eineståande tilfelle. Lyden var så høg for at barna ikkje skulle få snakke med kvarandre. Og om barna snakka, kom ein av dei vaksne og hysja. Dei skulle ete. Dette var ikkje det eg venta meg av skolen.

Inntrykket til Zinöcker er at praksisen med skjerm i mat­pausen ikkje blir gjort fordi det er bra for barna.

– Dette blir gjort av vaksne som meinar det gjer jobben deira enklare. Eller så ser dei ikkje lenger kva anna dei kan gjere. Å gi barna TV er den lettvinte og kortsiktige løysinga. Men lurt er det er ikkje.

LES MER:…

• 100 år siden han døde: Folkehøyskolelæreren som ble dyrket som Norges profetiske redningsmann

• Sophie Elise ville ha selvhjelpsbok fra kristenforlag først ut i sin nye bokklubb

• Avviser påstander om identitetspolitikk: – Hvite og svarte kan ikke snakke om rasisme på samme måte, mener Ali

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur