Religion

Kan bli biskop likevel: – Overvelda over støtta

DEN NORSKE KYRKJA: Teologiprofessor Hallgeir Elstad er no bispekandidat i Sør-Hålogaland bispedøme etter underskriftskampanje.

– Me har fått inn 127 underskrifter, fortel Gjøa Kristine Aanderaa.

Ho er initiativtakar til ei kampanje for å etternominere Hallgeir Elstad som bispekandidat i Sør-Hålogaland bispedøme.

Vårt Land har vore i kontakt med Kyrkjerådet som stadfestar at lista med underskrifter er godkjent.

– Det er kjempehyggeleg. Eg er overvelda over støtta, seier hovudpersonen sjølv, Hallgeir Elstad.

Reagerte på at Elstad ikkje var nominert

Den 8. mai kunngjorde bispedømerådet kva fem kandidatar dei har nominert til å bli ny biskop etter Ann-Helen Fjeldstad Jusnes.

Det var Tom Sverre Bredal-Tomren, Olav Rune Ertzeid, Kristine Sandmæl, Anne Bergljot Skoglund og Svein Valle.

Aanderaa har tidlegare sagt til Vårt Land at fleire reagerte på at teologiprofessor Elstad ikkje var blant dei nominerte. Han er sjølv frå Vestvågøy, og kunne derfor blitt den fyrste biskopen i bispedømet som sjølv kjem frå området.

Det har sine sider å vera etternominert

—  Hallgeir Elstad

Og det finnest ein «sikkerheitsventil» dersom dei med stemmerett ikkje er nøgde med nominasjonane bispedømerådet har gjort.

For om minst hundre personar med stemmerett frå minimum tre forskjellige prosti går saman kan dei etternominere kandidatar. Område utanfor bispedøme reknast i denne samanhengen som eitt prosti.

Må snu seg rundt

Elstad seier lista med underskrifter for å fremje han som bispekanidat har personar frå alle prostia i Sør-Hålogaland.

– At det har vore ein slik grasrotaksjon opplever eg som ei tillitserklæring. Også er glad for å sjå at dei som har tatt initiativ til den har greidd å mobilisere breitt, seier professoren.

Prosessen for å tilsetje ny biskop den 21. september er i god gang, og alt tysdag neste veke blir det presentasjon av bispekandidatane i Bodø domkyrkje.

– Du får mindre tid på å førebu deg enn dei andre kandidatane?

– Ja, det har sine sider å vera etternominert. Ein kjem inn etter dei andre. Samstundes er det eit viktig høve ein har i vår ordning, seier den ferske bispekandidaten.



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion