Oslosenteret ramma av underslag og sponsorsvikt

FÅR OFFENTLEGE KRONER: KrF-veteranen Einar Steensnæs var med å etablere Oslosenteret i 2006. 11 år seinare skulle han vere vikar for direktøren. Då avslørte han eit underslag på nesten ein million kroner.

– Eg blei svært skuffa. Dette var eit alvorleg tillitsbrot. Samstundes blei eg òg fortvila. For dette var jo og ein forferdeleg personleg tragedie både for han og for familien hans.

Det er Einar Steensnæs som hugsar tilbake til seinhausten 2017, og misleghaldet han avdekte ved Oslosenteret.

Gjennom innsyn i offentlege journalar kan Vårt Land fortelje om eit til no ukjent underslag på nesten ein million kroner.

Ein tiltrudd direktør tok store summar i nesten to år og brukte dei privat.

Senteret gjekk ikkje offentleg ut med underslaget, og sponsorar blei ikkje informert.

Vårt Land har også gått gjennom økonomien til Oslosenteret. Tala fortel om år med underskot, tapt eigenkapital og sponsorsvikt.

Ein siste jobb

Den røynde KrF-aren Einar Steensnæs hadde blitt pensjonist etter eit langt liv i politikken, som stortingsrepresentant og statsråd, sist som olje- og energiminister i Kjell Magne Bondeviks regjering. I 2006 opna han saman med venen og KrF-kollegaen Oslosenteret. Bondevik blei president, Steensnæs direktør, ein jobb han hadde eit par år.

I 2017 takka han ja då Bondevik spurte om ei teneste. Styret hadde innvilga dåverande senterdirektør eitt års permisjon for å arbeide utanlands. Steensnæs skulle vere direktørvikar.

Oslosenteret hadde i denne tida tre leiarar: President, styreleiar og direktør. Kjell Magne Bondevik var president, Sverre Lodgaard var styreleiar og direktøren leia administrasjonen.

Avdekte kontantuttak

Då Einar Steensnæs var installert på direktørkontoret, fatta han mistanke. Han oppdaga ureglementerte kontantuttak og illegitimt forbruk. Vikaren blei sikker i sak. Oslosenteret måtte handtere eit underslag, utført av direktøren som hadde fått permisjon.

– Eg konfronterte han med funna mine. Han vedgjekk, fortel Steensnæs til Vårt Land.

I eit brev frå Steensnæs til revisor og Stiftingstilsynet, som Vårt Land har fått innsyn i hjå tilsynet, blei summen presentert:

«Revisor er også orientert om at tidligere direktør [...] skylder Oslosenteret ca 944.000 kr. Det gjennomføres samtaler med [...] om fastsettelse av endelig beløp og tilbakebetaling. En skriftlig bekreftelse fra [...] om skyldig beløp vil bli sendt RMS Norge AS om kort tid».

– Den endelege summen blei noko lågare, opplyser Steensnæs.

vikar

Valde tilståingsdom

Oslosenteret måtte ha pengane tilbake. Direktøren, som blei tilsett i 2012, lova å gjere opp for seg.

Samstundes som Steensnæs og styret hadde den interne runden med direktøren, blei han i desember 2017 meldt til politiet for underslag av «ca 850 000kr». Same månad blei han sagt opp av styret. Den nye arbeidsgjevaren, ein norsk bistandsorganisasjon, blei også orientert om underslaget.

Tredje juledag 2017 møtte han til avhøyr hjå politiet. Her vedgjekk han underslag av 858.703 kroner frå Oslosenteret, brukt til «private formål», i perioden november 2015 til oktober 2017. Han takka ja til tilbodet om tilståingsdom og sa seg villig til å betale tilbake summen.

Pårekna straff for underslaget kunne blitt ti månader i fengsel, om ein ser til ei tilsvarande sak frå lagmannsretten der underslaget også var 850.000 kroner. Til fråtrekk ville Oslosenterets eks-direktør fått ein strafferabatt for å ha tilstått.

Informerte ikkje sponsorar

– Underslaget var eit alvorleg tillitsbrot. Me måtte melde saka til politiet, for me forvaltar både offentlege og private midlar. Etter politimeldinga informerte me dei viktigaste offentlege samarbeidspartnarane, fortel Einar Steensnæs.

– Informerte de sponsorane om underslaget?

– Nei, me valde ikkje å gjere det. Politiet var i ein startfase med etterforskinga. Me ønskte også å ta omsyn til familien hans i denne vanskelege, første tida. Underslaget var heller ikkje av ein storleik som påverka gjennomføringa av prosjekta våre.

– De gjekk heller ikkje offentleg ut med underslaget, var det av omsyn til omdømmet til Oslosenteret?

– Nei. Me gjorde ikkje slike vurderingar. Me informerte dei som måtte få informasjon. Og me melde saka til politiet, seier Steensnæs, som meiner at Vårt Land ikkje burde omtale underslaget.

Vårt Land har informert familien om at saka blir omtalt.

Kontrollrutinane blei styrkte etter at underslaget blei avdekt, me tok lærdom av saka

—  Sverre Lodgaard, tidlegare styreleiar i Oslosenteret

Kontrollrutinane blei styrkte

Sverre Lodgaard, tidlegare direktør for Norsk utanrikspolitisk institutt, var styreleiar i denne perioden. Han fortel Vårt Land at styret valde å ikkje gå ut med underslaget «av menneskelege omsyn».

– Og fordi det viktigaste for oss var å få tilbake pengane, noko me sikra oss gjennom tilbakebetalingsplanen.

– Kva vil du seie om kontrollrutinane til Oslosenteret då underslaget fann stad?

– Kontrollrutinane blei styrkte etter at underslaget blei avdekt, me tok lærdom av saka. Senteret er lite, og me trudde me hadde god oversikt, likevel kom det eit underslag.

Kjell Magne Bondevik, som no er arbeidande styreleiar, ønskjer ikkje å stille til intervju om underslaget. Han svarar kort på Vårt Lands spørsmål per e-post:

«Det var en overraskelse og en stor skuffelse å få vite om dette tillitsbruddet. Det var daværende direktør Einar Steensnæs som avdekket underslaget og informerte meg. Det viser at internkontrollen fungerte.»

Han ønskjer ikkje å svare på spørsmåla «Kvifor informerte de ikkje sponsorane til Oslosenteret om underslaget?» og «Kvifor gjekk de ikkje offentleg ut med underslaget?»

Eks-direktøren døydde

Våren 2019 døydde den tidlegare direktøren brått, av naturlege årsaker. Han døydde før saka kom for domstolen, og før skulda til Oslosenteret var gjort opp.

Senteret melde inn restkravet i dødsbuet. Men, opplyser Steensnæs, det kom «langt bak i køen». Han vil ikkje konkretisere summen, men nøyer seg med å opplyse at «nokre hundretusen» kroner blei bokført som tap.

Einar Steensnæs slutta i Oslosenteret i 2018. I dag er han pensjonist, men sit i representantskapet, som er eit rådgjevande organ. Sverre Lodgaard er styremedlem.

Åpning av Oslosenteret. Kjell Magne Bondevik og Finlands tidligere president Halonen.

«Har en del åpne dører»

Etter 32 år på Stortinget, to økter som statsråd og seks og eit halvt år som statsminister, gjekk Kjell Magne Bondevik ut av norsk topp-politikk i 2005.

Men han blei ikkje pensjonist. I 2006 presenterte han stiftinga Oslosenteret. Ein draum blei røyndom:

«Jeg har lenge tenkt at når jeg slutter i politikken, skal jeg vie all min tid til fattige og forfulgte. Vi skal gradvis bygge oss opp, slik at det blir full drift fra høsten av, da med 5-6 personer på heltid. Jeg vil benytte meg av nettverket jeg har fra tiden som statsminister. Jeg har en del åpne dører», sa Bondevik på lanseringa.

Han og Steensnæs lova at senteret skulle klare seg med privat støtte:

«Når det gjelder finansiering, henter vi mye av støtten fra privat virksomhet. Vi konkurrerer derfor ikke om offentlige midler som hvert år settes av til ulike humanitære og ideelle organisasjoner», melde Steensnæs i Aftenposten.

«Jeg synes faktisk det er positivt at norske bedrifter og investorer gir penger til samfunnsnyttig og ideelt arbeid, istedenfor at deres overskudd bare går til økt fortjeneste. Vi belaster dermed heller ikke statsbudsjettet og skatteyternes penger», skreiv Bondevik i VG.

Fem trygge år

Oslosenteret fekk kontor på Oslo vest. Kjøpmannen Stein Erik Hagen og moldensarane Stig O. Jacobsen og Erik Berg betalte 25 millionar kroner for ambassadebygget senteret fekk leige til subsidiert pris, fortalde Dagens Næringsliv.

Seks selskap stilte opp med sponsorstøtte i ein femårsperiode: Aker (Kjell Inge Røkke), Gjelsten Holding (Bjørn Rune Gjelsten), Statoil, Hydro, DnB NOR og Orkla.

I 2011 var dei fem, første, trygge åra med overskot over. Bondevik og staben måtte finne billigare husvære, for huseigarane ville ha marknadsleige. Oslosenteret blei reetablert i tilpassa lokale.

Dei seks sponsorane ønskte ikkje å forlenge avtalen. Med dei forsvann seks millionar kroner i inntekter.

Oslosenteret vende seg til staten. Utanriksdepartementet fekk ein søknad om 4,5 millionar kroner i grunnstøtte i 2011. Svaret var nei, skreiv Aftenposten. Senteret kunne søkje prosjektstøtte.

2011 blei gjort opp med raude tal.

«Underskuddet dekkes av egenkapitalen», skreiv styret i Oslosenteret i årsberetninga for 2011. Senterets første underskot enda på vel 1,7 millionar kroner.

Kjell Magne Bondevik politikk fredsarbeid Oslosenteret Nye lokaler i Øvre Slottsgate

Millionsmell i jubileumsåret

I åra 2012-2015 gjekk Oslosenteret med små overskot. Så kom jubileumsåret 2016. I årsrapporten til det ti år gamle senteret drog seniorrådgjevar og medetablerar Einar Steensnæs parallellar til to internasjonale senter: Carter Center i USA, etablert av USAs tidlegare president Jimmy Carter og Crisis Management Initiative i Finland, etablert av landets tidlegare president Martti Ahtisaari. Begge har fått Nobels fredspris.

2016 blei gjort opp med minus: 3,3 millionar kroner i underskot. «Underskuddet skyldes i hovedsak bortfall av innbetaling av sponsormidler», skreiv styret i årsberetninga for 2016.

Utgiftene var på nytt større enn inntektene.

I tre år på rad var det raude tal. Samla gjekk senteret med nesten ti millionar kroner i underskot i perioden 2016-2018.

Verst var det i 2017, 4,7 millionar kroner i minus. «Underskuddet skyldes i hovedsak manglende innbetaling av forventede sponsorbidrag», skreiv styret.

Varsko om eigenkapitalen

Stiftingsloven er klar. Dersom stiftingskapitalen er «lavere enn forsvarlig ut fra risikoen ved og omfanget av virksomheten i stiftelsen, skal styret straks behandle saken og varsle Stiftelsestilsynet». Styret skal så gjennomføre tiltak - og informere tilsynet.

I oktober 2017 melde Oslosenteret til eigen revisor, RSM Norge, at ein strevde. I eit brev frå revisor til senterstyret i januar 2018 peika revisor på «negativ resultatutvikling» og «negativ utvikling av stiftelsens egenkapital».

I brevet, som er eit såkalla nummerert brev, minna revisor styret om stiftingsloven og ba om tiltak som kunne ta senteret ut av uføret: «Styret bør vurdere situasjonen og foreslå mulige tiltak. Styret bør også vurdere oppløsning dersom det finner at tiltak for å bedre situasjonen ikke lar seg gjennomføre».

I de siste årene har det vært en merkbar nedgang i inntekter fra norske økonomiske bidragsytere

—  Einar Steensnæs, direktørvikar, i 2018

Stiftingstilsynet opna tilsynssak

Loven krev at nummererte brev også må gå til Stiftingstilsynet. I februar 2018 opna tilsynet tilsynssak i Oslosenteret.

I brev til revisor i januar 2018 forklarte direktørvikar Steensnæs tilhøva: «Den negative resultatutviklingen for Oslosenteret skyldes i hovedsak sviktende sponsorinntekter både 2016 og 2017 [...] I de siste årene har det vært en merkbar nedgang i inntekter fra norske økonomiske bidragsytere».

I ein e-post til Stiftingstilsynet i april 2018 skreiv Steensnæs at kostnader var kutta: «5 personer har sluttet (herav 2 oppsagt). Leieavtale i Øvre Slottsgate er sagt opp. Innflytting i rimeligere lokaler vil skje seinest 1. november. Kostnadsbesparende tiltak blir nå gjennomført innen regnskap og IT. Reforhandlet avisavtaler med ansatte. Redusert reisebudsjett».

Tilsynet blei også orientert om underslaget og planen for tilbakebetaling. Bondevik ønskjer ikkje svare på spørsmål om innsparinga og oppseiingane.

I e-posten til tilsynet skreiv Steensnæs at samstundes som dei kutta utgifter klarte dei å auke sponsorinntektene med 1,6 millionar kroner. Stiftingstilsynet sa seg nøgd og lukka tilsynet i april 2018.

Men det blei verre.

fest

Brukte opp eigenkapitalen

I to år på rad blei eigenkapitalen brukt opp.

«Egenkapitalen er tapt i løpet av driftsåret 2018», skreiv styret i rekneskapen. Det året hadde senteret eit underskot på 1,9 millionar kroner. Eigenkapitalen var ved årsstart på 211.000 kroner.

Styret melde at dei arbeidde med å få inn nye partnarar og gjevarar, men vedgjekk at dei strevde og presiserte difor at «dette gir grunnlag for usikkerhet rundt fortsatt drift».

Revisor var også uroleg. I revisjonsrapporten for 2018 skreiv RSM Norge at det er «vesentlig usikkerhet knyttet til fortsatt drift».

Året etter måtte styret på nytt vedgå tap:

«Egenkapitalen i stiftelsen er tapt», skreiv styret i rekneskapen for 2019.

Men arbeidet med å få inn nye gjevarar og prosjektpartnarar gav resultat. Styret opplyste at «årets overskudd er et resultat av dette». Overskotet i 2019 blei på 1,3 millionar kroner.

Oslosenteret gjekk også i pluss i 2020, 1,1 millionar kroner.

«Bondevik fikk Saudi-millioner»

Dagbladet fortalde i fjor haust at Oslosenteret og Kjell Magne Bondevik hadde fått millionar frå Muslim World League (MWL), som har hovudsete i Mekka. Organisasjonen skal ha nære band til Saudi-Arabias regime, noko som er stadfesta av mellom anna Utanriksdepartementet. Millionane kom via Stiftelsen Dialog for fred.

Bondevik skriv til Vårt Land at han ikkje ønskjer å svare på spørsmål om samarbeidet med Muslim World League.

I intervju med Dagbladet har Bondevik sagt at MWL er ein uavhengig og sjølvstendig organisasjon som ikkje har formelle band til det autoritære, saudiarabiske regimet, og heller ikkje får økonomisk støtte frå det same regimet.

Vårt Land har fått innsyn i ein e-post Bondevik sende Barne- og familiedepartementet i november 2019, og underskreiv med «arbeidende styreleder Oslosenteret». Ved e-posten la han ein presentasjon av leiaren for MWL, generalsekretær Mohammad bin Abdul Karim Al-Issa.

Her står det at den tidlegare dommaren, domstolsleiaren og justisministeren i Saudi-Arabia også er leiar for Intellectual Warfare Center, eit senter knytt til Saudi-Arabias forsvarsdepartement. Det har ansvar for å nedkjempe ekstremist- og terrorideologi.

I e-posten ba Bondevik partifelle og statsråd Kjell Ingolf Ropstad om å ta i mot MWL-leiaren i november 2019, noko han gjorde.

Gardermoen  20181102.
KrFs nestleder Kjell Ingolf Ropstad i samtale med tidligere statsminister Kjell Magne Bondevik under KrFs ekstraordinære landsmøte på Gardermoen fredag.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Sponsorpengar via stifting

Sponsorane er med å sikre drifta av sjølve Oslosenteret. I årsrapporten for 2020 står det at ein av dei tre sponsorane var foreininga 14th August Comittee Norway, eller 14. augustkomiteen, som er leia av Aamir J. Sheikh, ein Høgre-politikar frå Oslo. Sheikh leiar også Stiftelsen Dialog for fred.

– Opplysninga i årsrapporten er feil. Det er Stiftelsen Dialog for fred som var sponsor i 2020, fortel Sheikh til Vårt Land.

Dagbladet har avdekt at Dialog for fred, ved Aamir J. Sheikh, Kjell Magne Bondevik – og Oslosenteret – skal ha fått totalt 12,8 millionar kroner frå Muslim World League. Bondevik personleg skal ha fått 1,4 millionar og Oslosenteret 5,4 millionar kroner.

I Dialog for freds årsberetning for 2019, skreiv Sheikh at frå MWL-leiar Al-Issa har det kome «økonomistøtte som gikk til Stiftelsen Dialog for Fred», og at Dialog for fred skal samarbeide med MWL, Al-Issa og Kjell Magne Bondevik: «Vi skal arrangere flere fredskonferanser/seminarer og brobyggerarrangementer i løpet av 2020».

Om det personlege honoraret på 1,4 millionar kroner, opplyste Bondevik til Dagbladet: «Dette er honorar fra Dialog for fred for foredrag, møteledelse og arbeid for (del av) 2019, 2020 og 2021».

Til Vårt Land gjentek han at honoraret var «over tre år for arbeid, reiser, foredrag og innlegg hvert av disse årene».

aamir

Sa først nei, så ja

Millionane frå Muslim World League gjekk altså først til Dialog for fred, som så sende dei vidare til Bondevik og Oslosenteret.

Om millionane til Oslosenteret seier Sheikh til Vårt Land:

– Heile honoraret var i utgangspunktet til Bondevik, men han ba meg om å sende mesteparten av honoraret frå Muslim World League til Oslosenteret.

– Eg tykte at han var for beskjeden, men han ville ikkje ha så mykje sjølv.

Styret i Oslosenteret sa nei til at senteret skulle motta pengane direkte frå MWL. Styremedlem Sverre Lodgaard fortalde Dagbladet at «vi må alltid sikre oss at det ikke er noen uønskede bindinger knyttet til aktiviteten vi blir med på, og der er vi veldig strenge».

Styret sa så ja til å motta pengane frå MWL om dei kom via Dialog for fred.

– Stiftinga og Oslosenteret opererer i same landskap, forklarar Lodgaard til Vårt Land.

Eg tykte at han var for beskjeden, men han ville ikkje ha så mykje sjølv

—  Aamir J. Sheikh, leiar i Stiftelsen Dialog for fred, om Kjell Magne Bondeviks honorar
pris

Sponsorsvikt i fjor

Karolina Olofsson byrja som direktør på Oslosenteret i fjor. Etter to år med årlege overskot på vel millionen, måtte Olofsson konstantere at 2021 blei eit nytt år med underskot. Storleiken kjem fram når årsrekneskapen blir offentleg om nokre veker.

Men den låge eigenkapitalen har fått revisor til å sende eit nytt nummerert brev til senterstyret, og Stiftingstilsynet er varsla. Avdelingsdirektør Siw Heggedal i tilsynet fortel Vårt Land at dei ikkje har opna tilsynssak, «men overvakar».

I ein e-post til Vårt Land opplyser Olofsson at to forhold påverka inntektene i fjor. Pandemien og «forutinntatt presse». Olofssons påstand rettar seg mot Dagbladets dekning av samarbeidet mellom Kjell Magne Bondevik, Oslosenteret og Muslim World League.

«Dette påverka våre sponsorar, så me fekk mykje lågare inntekter i 2021 enn det som var planlagt», skriv direktør Olofsson.

På spørsmål om korleis Oslosenterets framdrift blir i komande år, svarar Olofsson at kva senteret var for ti, fem eller tre år sidan, er ikkje kva ein er i dag, og vonleg ikkje kva senteret er i åra som kjem.

Direktøren opplyser at nye reglar har kome på plass for å styrkje Oslosenterets identitet, og klargjere roller og ansvar mellom styre, styreleiar og direktør.

Anniken Huitfeldt sier at Ukraina-krigen har vært spesiell med tanke på informasjonsflyten. – USA har delt etterretningsinformasjon veldig fort, som gjorde at jeg innledningsvis fikk annen informasjon enn hva pressen fikk. Nå får jeg ofte informasjonen i pressen før jeg får brifing om det, sier hun. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Nesten 200 millionar

Oslosenterets samla inntekter i åra 2007-2020 var på vel 192 millionar kroner. Godt over ein fjerdedel kom frå staten. I eit brev til Stortinget i desember i fjor gav utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) totalsummen:

«Det er blitt bevilget midler over statsbudsjettet til ‘Oslosenteret – senter for fred og menneskerettigheter’. Første bevilgning ble gitt i 2009 og den siste i 2015, sistnevnte med gjennomføringsperiode til og med 2017.

Totalt er det bevilget om lag 51 millioner kroner, med store variasjoner fra år til år».

Huitfeldt skreiv at 43 av dei 51 millionane har Oslosenteret fått for å «fremme fred og forsoning i Somalia».

Avslag frå Norad

Den statlege prosjektstøtta til Oslosenteret kjem frå Utanriksdepartementet og Norad. Opp gjennom åra har Norad avvist fleire søknadar frå Oslosenteret.

I eit avslag skriv Norad at senteret «[...] framstår imidlertid som forholdsvis personavhengig, og en del av eksemplene representerer enkeltpersoners involvering i politisk dialog om fred, demokrati og menneskerettigheter, mer enn Oslosenterets bidrag som organisasjon».

I januar i år skriv Norad at søknaden blei avslått fordi Oslosenteret ikkje hadde finansiert «minst 10 % av de totale prosjektkostnadene med egenandel og/eller annen finansiering fra andre kilder enn norske myndigheter». Vidare sa Norad at risikoanalysen i søknaden er «noe svak».

I eit anna avslag skriv Norad: «Oslosenterets virksomhet framstår som lite kostnadseffektiv, spesielt i lys av at det er vanskelig å vurdere resultatene for deres målgrupper og sivilsamfunnspartnere».

Eit prosjekt i Kenya fekk nei fordi det mangla «referanse til tro- og livssynsminoriteter og derfor ikke oppfattet som relevant for ordningen».

Bondevik ønskjer ikkje å kommentere avslaga.

Kjell Magne Bondevik. Oslosenteret

Færre sponsorar

Årsrapportane frå Oslosenteret viser at talet på sponsorar krympar. I 2013 var talet 15, i 2020 tre.

«Som arbeidende styreleder jobber jeg aktivt med å skaffe sponsorer. Det har kommet til flere sponsorer den senere tid», skriv Bondevik i e-posten til Vårt Land utan å gje konkrete tal.

Kvifor vel privatpersonar og selskap å sponse Oslosenteret? Kven er dei?

Mellom dei trufaste er James Reimer, kanadisk investor og næringslivsleiar. Han sit saman med Bondevik i First Step Forum, ei utvalt gruppe ambassadørar og europeiske parlamentarikarar som saman arbeider for å byggje bruer for fred, menneskerettar og religiøs fridom.

Reimer sit også i representantskapet til Oslosenteret.

Ein annan er Naguib Sawiris, egyptisk næringslivsleiar, milliardær, koptisk kristen og Afrikas åttande rikaste mann. Han var sponsor i 2018.

Dei fleste sponsorane er likevel norske.

Dag Dvergsten er ein investor og gründer som figurerer i Dagens Næringsliv og Finansavisen.

«Det er riktig at jeg har gitt bidrag til Oslosenteret. Bakgrunnen var at arbeidet med demokratistøtte er et verdifullt arbeid i en verden der totalitære regimer får stadig mer utbredelse - og innflytelse. Oppfatningen herfra er at Oslosenteret har vært drevet profesjonelt og ordentlig så langt jeg har fått innsyn i. Utover dette blir det ikke gitt flere kommentarer herfra», skriv Dvergsten i ei tekstmelding til Vårt Land.

Han var sponsor fram til 2016. Dag Dvergsten sit i representantskapet til Oslosenteret.

Bondevik ba om støtte

Vestre, familieselskapet til dagens næringsminister Jan Christian Vestre (Ap), var sponsor i 2019. Dagleg leiar Thomas Sund forklarar i ein e-post til Vårt Land kvifor utemøbelprodusenten ytte støtte i eitt år:

«Hvert år gir vi i Vestre 10% av overskuddet vårt til bærekraftsformål. I 2019 tok Kjell Magne Bondevik og Oslosenteret kontakt med ønske om støtte til deres bærekraftsarbeid. Det var derfor naturlig for oss å støtte Oslosenteret. I 2019 ga vi mer enn 2 millioner kroner ut til ulike organisasjoner og Oslosenteret mottok et beløp på 30 000 kroner».

Møte med Kofi Annan

Herbjørn Hansson er skipsreiar og styreleiar i NAT, Nordic American Tankers. NAT var sponsor i 2016, 2017 og 2018.

– Me har støtta Oslosenteret med nokre mindre summar, 50.000 kroner årleg, fortel han Vårt Land.

– Kvifor støtta de Oslosenteret?

– Fordi senteret driv med nasjonsbygging.

Hansson fortel at det heile starta med eit møte:

– Me var ute på Fornebu, der var Kjell Magne Bondevik, Kofi Annan og ein Arne Fredly.

Kofi Annan er tidlegare generalsekretær i FN, han døydde i 2018. Arne Fredly er son til tidlegare KrF-ordførar i Molde, Asmund Fredly. Arne Fredly er investor og milliardær og busett i Monaco. Han var sponsor til og med 2018.

Vi kom til erkjennelsen at vi ikke utgjorde en synlig forskjell i verdenssamfunnet

—  Karl Ragnar Rimfeldt, styreleiar i Rimfeldt Eiendom, om kvifor dei slutta som sponsor

Ønskjer å sjå resultat

Rimfeldt Eiendom eig og utviklar næringseigedommar i Innlandet og Oslo-regionen. Styreleiar Karl Ragnar Rimfeldt forklarar i ei tekstmelding til Vårt Land kvifor dei var sponsor i 2016 og 2017, men han vil ikkje konkretisere summane:

«Vi gjorde et prøveprosjekt med å diversifisere våre sponsorat til også å inkludere støtte til internasjonale fredsprosjekter som Oslosenteret tilrettela for. Dette for å kunne gi et bidrag til det gode arbeidet Norge står for internasjonalt - for å fremme fred og demokrati».

– Kvifor slutta de å sponse Oslosenteret?

«Vi kom til erkjennelsen at vi ikke utgjorde en synlig forskjell i verdenssamfunnet. Vi valgte derfor istedet å prioritere støtten til kultur, samt barne- og ungdomsidretten i lokalsamfunnet. Det er formål hvor vi lettere ser resultatene av vårt bidrag».

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter