Nyheter

Russland returnerer til Afrika - tungt lasta med våpen

RUSSLAND I AFRIKA: Under den kalde krigen leverte Sovjetunionen særleg ideologisk skyts. No er Russland tilbake som våpenseljar. Difor står ikkje afrikanske land opp mot Vladimir Putins krig.

Oppglødd kjæler kvinna med det skinande blanke maskingeværet, siste modell frå russiske Kalasjnikov. Ho er på Russland-Afrika-toppmøtet i Sotsji.

Forløparen, AK-47, var eit kjært våpen for mang ein opprørskrigar då det afrikanske kontinentet var oppmarsjområde for supermaktsrivaliseringa mellom Sovjetunionen og USA - under den kalde krigen.

Så kjær var AK-47 at då Mosambik, etter år med frigjeringskrig og borgarkrig, skulle få nytt flagg, så blei maskingeværet plassert i flagget saman med ei hakke. Kalasjnikov-en symboliserer kampen mot kolonialismen.

Våpenfabrikanten var mellom utstillarane på toppmøtet i den russiske Svartehavs-byen Sotsji i 2019.

Tre år seinare viser ei røysting i FN at afrikanske land har eit heilt anna syn på Russland enn Vesten etter Vladimir Putins invasjon i Ukraina.

Stod ikkje opp mot Putin

2. mars tok FNs hovudforsamling stilling til ein resolusjon som fordømmer den russiske invasjonen. Resolusjonen, som først og fremst var symbolsk og ikkje bindande, kravde at Russland stoppar krigføringa i Ukraina og trekkjer ut alle soldatar.

  • 35 land avstod frå å røyste. 17 av dei var afrikanske.
  • Sju andre afrikanske land møtte ikkje opp til avrøystinga.

– Grunnane til at mange afrikanske land sit på gjerdet, er fleire, forklarar Steven Gruzd, analytikar i tankesmia South African Institute of International Affairs.

Dei vil ikkje bli involverte i ein ny kald krig, har empati med Russland og antipati mot Vesten, og til sist handlar det om realpolitiske vurderingar, listar Gruzd opp i Christian Science Monitor.

Opplært i kommunisme

Under den kalde krigen eksporterte Sovjetunionen heimleg ideologi til alle afrikanske land som opna for kommunistisk lære. Opp mot 250.000 afrikanarar fekk studere i Sovjetunionen innan landet opphøyrde i 1991, fortel ein rapport frå Tony Blair Institute for Global Change. Mellom dei var fire presidentar, to i Sør-Afrika, ein i Tsjad og ein i Sentralafrikanske republikk.

Mellom dei som stilte seg på Sovjetunionens lag, var 37 av Afrikas 54 land. Desse fekk hjelp til å styrkje økonomien, utvikle landbruket, styrkje helsevesenet og byggje ut infrastrukturen.

I tre krigar spela sovjetisk, militær støtte avgjerande roller – Angola, Mosambik og Afrikas horn. Moskva leverte våpen og instruktørar.

I kampen mot apartheid-regimet i Sør-Afrika fekk frigjeringsrørsla ANC sterk støtte frå Moskva. Mange fekk militær opplæring i Sovjetunionen. Framleis er mange i ANC lojale andsynes Moskva.

VÅPEN

Fremste våpenseljar

30 år etter at Sovjetunionen blei demontert, er Russland igjen synleg til stades i Afrika. Særleg som våpenseljar.

Sør for Sahara er Russland blitt den leiande leverandøren av våpen og militært utstyr, fortel Sipri. Det anerkjende svenske fredsforskingsinstituttet overvakar forsvarsbudsjett og våpenhandelen verda over.

Mellom 2016 og 2020 kom 30 prosent av våpena landa sør for Sahara importerte, frå Russland. Noko som er opp fem prosent frå perioden 2011-2015, melder Sipri.

Russland-Afrika-toppmøtet i 2019 gav godt russisk utbytte, skriv Voanews.com. Over 30 land signerte kontraktar om kjøp av våpen og militært utstyr.

Der vestlege våpenseljarar bakkar ut frå kontraktar av omsyn til menneskerettar, går russiske lett inn, skriv Tony Blair Institute for Global Change. Som då USA kansellerte eit sal av kamphelikopter til Nigeria. Seks russiske Mi-35 landa i Nigeria.

Sender leigekrigarar

Russland leverer ikkje berre våpen, men også menn som kan bruke dei. Fagtermen er «private, militære kontraktørar». I daglegtalen heiter dei leigesoldatar.

Russland er ein leiande leverandør av slike, viser Tony Blair Institute for Global Changes kartlegging. Leigesoldatane kjem frå russiske Wagner, som blir leia av ein mann som skal ha nære band til president Vladimir Putin.

Wagners leigekrigarar er i Mali, Sentralafrikanske republikk, Libya – og har vore i Mosambik, og ei land rekkje land. Sidan 2014 har russiske leigesoldatar operert i minst 21 afrikanske land, melder Tony Blair Institute for Global Changes.

Gull og soldatar

Russlands våpenleveransar er nært knytte til Afrikas viktige naturressursar; uran, bauksitt, gull, olje, gass.

Russiske selskap har gode kontraktar i fleire land. Rusal kjøper bauksitt i Guinea, Rosatom kjøper uran i Namibia, Alrosa kjøper diamantar i Angola og Mosambik, skriv Carnegie Endowment for International Peace.

I Sentralafrikanske republikk er leigesoldatar og gull og diamantar tett kopla. Wagner leverer rådgjevarar og soldatar til presidentens hær – han kjempar mot opprørarar. I bytte får russiske selskap tilgang på gull- og diamantgruver.

foto

Veike statar

Difor, seier den guineanske samfunnsdebattanten og forfattaren Tierno Monenembo, vil mange afrikanske land aldri frigjere seg frå Russlands grep, for dei er blitt avhengige av våpena frå Moskva.

Difor stod ikkje mange afrikanske land opp mot Russland i FN, meiner Monenembo.

– Er du liten, er du veik, er du dårleg væpna og underutvikla, blir du ikkje involvert i ei konflikt mellom militære supermakter, seier han til dw.com.

Han utdjupar med eit fulani-ordtak: «Kyllingen treng ikkje diskutere prisen på kniven. Det er han som styrer kniven som kuttar strupen til kyllingen.»

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter