Nyheter

Hjerneflukt frå Afghanistan - eks-minister er pizzabod

EVAKUERING FRÅ KABUL: 120.000 menneske er flogne frå Kabul, Afghanistan vil merke hjerneflukta. I Tyskland syklar tidlegare kommunikasjonsminister rundt med mat i sekken.

— Heilt klart, evakueringa av Afghanistan er også ei hjerneflukt.

Liv Kjølseth er generalsekretær i Afghanistankomiteen, hjelpeorganisasjonen som har arbeidd på landsbygda i Afghanistan i 40 år, og som har 800 medarbeidarar spreidd over heile landet.

Afghanistan er prega av oppbrot. Kring 120.000 menn, kvinner og barn blei evakuerte ut av Kabul med fly i dagane 14.-29. august.

Mistar dei beste

Også i åra før Talibans maktovertaking i Afghanistan rømde tusental afghanarar landet. Ein som stakk i 2018 var kommunikasjonsminister Sayed Sadaat.

Han syklar no rundt i austtyske Leipzig, som ein oransje reklameplakat for snøggmat.

— Me mistar dei beste. Konsekvensane for landet er dramatiske, fortel Alias Wardak til Los Angeles Times, frå ein trygg stad i Tyskland.

Wardak er rådgjevar innan energi og vassforsyning, og har arbeidd med utviklingsprosjekt både i Afghanistans finansdepartement og i Tyskland.

Afghanere i kø for å gå om bord i et amerikansk militærfly. Taliban lover ifølge USA å la amerikanere og afghanere i faresonen å forlate Afghanistan også etter 31. august. Foto: AP / NTB

Måtte reise frå landet

USA evakuerte flest afghanarar, vel 75.000 til tredjeland i Midtausten. Så ventar USA for dei fleste. På universitetet Berkeley i California sit Zulaikha Aziz. Ho er visedirektør for Afghanistan-prosjektet, eit program som hjelper afghanarar i og utanfor Afghanistan. Ho fortel Los Angeles Times at ho har eitt ord for hjerneflukta som no finn stad: Svimlande.

Ingen av dei godt utdanna afghanarane Zulaikha Aziz hjelper hadde lyst til å reise, men dei måtte, av omsyn til eigen tryggleik.

Me mistar dei beste. Konsekvensane for landet er dramatiske

—  Alias Wardak, rådgjevar

I gruppa som er henta ut er diplomatar, hjelpearbeidarar, soldatar, folk som har arbeidd for militære avdelingar, på ambassadar, for EU, for FN, for hjelpeorganisasjonar, menneskerettsaktivistar, opposisjonelle politikarar, uavhengige journalistar, kvinneaktivistar og intellektuelle.

Har etterspurd kompetanse

— Mange med viktig kompetanse reiste no i august, ganske sikkert, men hjerneflukta frå Afghanistan har vore synleg dei siste åra, seier Kjølseth i Afghanistankomiteen til Vårt Land.

Ho fortel at mange afghanarar har to statsborgarskap, og med det to pass. Dei har flykta eller reist ut og skaffa seg utdanning i eksil, for så å vende heim og arbeidde i statsforvaltninga eller for internasjonale organisasjonar. Men på eit tidspunkt har dei gjeve opp og reist frå landet.

Afghanistankomiteen arbeider systematisk med kompetansen til medarbeidarane, fortel Kjølseth. Mange studerer ved sidan av jobben, for å skaffe seg kunnskap som vil kome befolkninga ute i provinsane til gode.

— Våre medarbeidarar blir i landet, men dei kjenner seg utrygge, til liks med mange afghanarar. Dei avventar Talibans styre.

Taliban ber utdanna bli

Hjerneflukta uroar også Taliban. Opprørsrørsla som no styrer landet ber høgt utdanna om ikkje å rømme til utlandet, men heller bli og byggje opp Afghanistan.

Midt under evakueringa gjekk talsmannen Zabiullah Mujahid ut og bad USA om ikkje å fylle fly med afghanarar med utdanning, skriv India Times.

Taliban-talsmann Zabihullah Mujahid mener det var feil av USA å forsøke å stanse IS med et «tilfeldig angrep» som førte til at sivile ble drept. Foto: Rahmat Gul / AP / NTB

Må lære nytt språk

Kvardagen til dei evakuerte, eller dei som flyktar på eiga hand, vil møte, kan bli svært annleis enn dei vonar.

Det veit Sayed Sadaat alt om.

Han var kommunikasjonsminister i Afghanistan. I 2018 ville han ikkje meir og søkte avskil. Sayed Sadaat fortel Reuters at han rauk uklar med presidentens mest trugne menn. Tyskland blei hans nye heimland.

Afghanaren kunne valt Storbritannia, for han har både britisk og afghansk statsborgarskap, og ei IT-utdanning frå øyriket. Men Brexit fekk han til å velje Tyskland i 2020, for her ville han lett få jobb.

Trudde Sayed Sadaat. Ingen arbeidsgjevar har vilja tilsetje teknologen. Afghanaren veit kvifor.

— Språket er hovudforklaringa.

Difor kombinerer Sayed Sadaat no tyskopplæring med ein deltidsjobb. Først fire timar på skulebenken, så seks timar på sykkelen.

Eks-ministeren syklar ut pizza, burgarar og sushi i den austtyske byen Leipzig.

---

Evakuering

  • I perioden 14. — 29. august blei kring 120.000 personar evakuerte med fly ut frå Kabul, melder Reuters:
  • Til Qatar: 40.000 afghanarar.
  • Til Dei sameinte arabiske emirata: 36.500 afghanarar.
  • Til USA: 5.400 amerikanske borgarar, hovudsakleg soldatar.
  • Til Storbritannia: 15.000, soldatar, britiske borgarar og afghanarar.
  • Til Tyskland: 5.400, inkludert 4.100 afghanarar.
  • Til Canada: 3.700 kanadiske og afghanske borgarar.
  • Til Italia: 5,011, inkludert 4.890 afghanarar.
  • Til Australia: 4.100, inkludert 3.200 afghanarar.
  • Til Frankrike: 3.000, inkludert 2.600 afghanarar.
  • Til Nederland: 2.500 afghanarar.
  • Til Spania: 81 spanjolar og 83 afghanarar, pluss 1.900 afghanarar i transitt som har arbeidd for vestlege land, EU-land og FN.
  • Til Tyrkia: 1.400, inkludert 1.000 tyrkiske borgarar.
  • Til Belgia: 1.400 afghanarar.
  • Til Sverige: 1.100, inkludert afghanarar.
  • Til Norge: 1.100, for det meste afghanarar.
  • Til Danmark: 1.000 danskar og afghanarar.
  • Til Polen: 900 afghanarar.
  • Til India: 565, indarar og afghanarar.
  • Til Ungarn: 540 ungararar og afghanarar.
  • Til Ukraina: 600, mange journalistar, menneskerettsaktivistar, kvinneaktivistar.

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter