Nyheter

Dei svalt i hel i drift over storhavet

FLYKTNINGAR: Båten var lasta med draumar om betre liv. Målet var ferieparadiset Kanariøyane. Dei dreiv rett i døden.

Båten hadde ukjent utsjånad, han tilhøyrde ikkje fiskebåtflåten på øya. Det kom ei stram, illevarslande lukt frå han.

Doyle Cornwall, Jason Broomes og Lance Biggart var som vanleg tidleg oppe. Dei er fiskarar og må på havet for å tene til livets opphald.

Vel seks kilometer ut frå hamna Belle Garden ser dei han brått. Båten, drivande, utan motorlyd.

Lik i oppløysing

Då dei gjekk inntil båten, fekk dei forklaringa på lukta:

Døde kroppar, i oppløysing.

Cornwall, Broomes og Biggart ringde og varsla funnet, men kystvakta hadde ikkje båt å avsjå til oppdraget. Fiskarane måtte sjølve tauge den framande båten inn til hamn på øya Tobago, til politiet og obduksjon.

Lika var på ulike stadium av nedbryting, melde politiet i ei pressemelding som gjekk ut same dag, 28. mai

Me er i Trinidad og Tobago, ei øystat heilt sør i Karibia — du finn han på kartet rett nord for Venezuela.

båt

Mobiltelefonar gav svar

Politimeister William Nurse i Trinidad and Tobago Police Service leiar arbeidet med å finne ut kvar båten kom frå — og kven dei døde er.

Mannskap frå Tobago Emergency Management Agency (TEMA) bar ut 14 kroppar, ein hovudskalle og ei beingrind. 15 personar, alle av afrikansk opphav. Obduksjonen viste kven som hadde døydd først og sist, der ute på havet.

Funnet fekk store presseoppslag. Kunne det vere haitianarar? Kom båten frå Venezuela?

tur

Båten har eit registernummer. AG231. Politiet fann kontantar. Sveitsiske franc og euro.

Politiet fann også mobiltelefonar, nokre øydelagde av vatn og sol, andre let seg slå på.

– Båten er registrert i Mauritania – i Vest-Afrika, fortel politimeister William Nurse til Vårt Land, og legg vekt på kvart ord, Vest Afrika. Han er politisjef på øya Tobago, der båten no ligg.

– Mobilane frå båten er også spora til Mauritania.

Døydde av mangel på mat og drikke

Obduksjonen viste at dei 15 var menn. Dei hadde altså lagt ut frå Mauritania, ut på opne havet, i ein open trebåt, 42 fot lang, med ein påhengsmotor med 40 hestekrefter bakpå.

Målet var Kanariøyane. Politiet på Trinidad og Tobago har kryssa ut alle andre alternativ. Om bord i båten fann dei ingen prov på at mennene hadde budd seg på langtur over Atlanterhavet, frå Vest-Afrika til Karibia – nesten 5.000 kilometer.

Obduksjonen slo fast at dei 15 hadde døydd av mangel på mat og drikke – og av utmatting.

Politimeister Nurse fortel at politiet har klart å få fingeravtrykk frå tre av dei døde. Han meiner det er viktig å spore opp identiteten deira.

Akkurat no ligg alle på likhuset i hovudstaden Port of Spain.

– Etterforskinga vår er ferdig. Politiet leverer i desse dagar ein rapport til utanriksdepartementet i Trinidad og Tobago. Det blir opp til Mauritanias utanriksdepartement og vårt departement å avgjere kva som skal skje med dei døde. Dei finn nok gode og tenlege løysingar, trur politimeister Nurse.

– Har du opplevd noko liknande som denne drivande båten i dine år i politiet?

– Nei. Eg har vore i politiet 38 år, og har aldri opplevd ei hending som denne. Ho er ganske enkelt utruleg. Og ufatteleg trist.

Redda etter to veker

Ei båtredning utanfor kysten av Mauritania kastar lys over Karibia-båtens drift over Atlanterhavet.

16. august oppdagar kystvakta i Mauritania ein båt som driv på havet, utanfor kystbyen Nouadhibou. Båten gjekk 3. august ut frå Laayoune i Vest-Sahara med kurs for Kanariøyane, opplyser IOM, FNs organisasjon for migrasjon.

Ruta mellom hamner i land i Vest-Afrika og dei spanske Kanariøyane er velkjent – og farleg. Når det er vanskeleg – eller umogeleg – å bruke ei av dei tre rutene i Middelhavet, freistar mange den livsfarlege ruta i Atlanterhavet.

Flyktningar og migrantar vonar å nå Gran Canaria, Tenerife, Lanzarote eller Fuerteventura. Når dei øyane, trur dei Europa ventar.

---

Dødelege båtreiser

  • Flyktningar og migrantar prøver å nå Europa via fire illegale båtruter, alle styrt av menneskesmuglarar.
  • Den vestafrikanske atlanterhavsruta går frå land som frå land som Guinea, Senegal, Mauretania og Vest-Sahara til Kanariøyane.

---

Kasta på sjøen

Då kystvakta frå Mauritania fann båten, var det sju personar ombord, seks menn og ei kvinne, alle i live.

Men, opplyser IOM, det skal ha vore 54 som prøvde seg på ferda til Kanariøyane. Mellom dei to barn under tre år og ei jente i tenåra.

Motoren på båten havarerte, og dei dreiv i to veker før båten blei oppdaga av mauritansk kystvakt. 47 omkom av svolt og tørst, ifølgje dei overlevande. Dei døde skal ha blitt kasta over bord.

– Då motoren slutta å virke, hadde dei ingen ekstra forsyningar av mat eller vatn, fortel Nicolas Hochart, programsjef for IOM i Mauritania, til nyhendebyrået AFP.

Dei overlevande kjem frå Mali, Senegal, Elfenbeinskysten, Mauritania og Guinea, og blei tekne hand om at Røde Kors.

båt

Store mørketal

Til no i år har IOM registrert 392 personar som har mista livet i freistnadane på å nå Kanariøyane. I det mørkaste året hittil, i 2016, noterte IOM 1.083 døde. Men mørketala alle år er høgare.

Det viser båtfunnet på Tobago.

I første halvår i år kom 2.706 flyktningar og migrantar velberga fram til Kanariøyane — noko som er 156 prosent meir enn i same periode i fjor. Dei kom i totalt 87 båtar, frå land som Guinea, Senegal, Mauretania og Vest-Sahara.

Kom ein ny båt

24. juni sende politiet i den karibiske øystaten Turks og Caicos ut ei pressemelding:

Ein båt med 20 døde menneske om bord blei funnen drivande ved Grand Turk.

13. juli kom ei ny:

Politiet har grunn til å tru at båten kom frå Vest-Afrika. Akkurat som han som blei funnen ved Tobago.

— Dette er fryktelege tap av liv, og eg vil gjerne kondolere familiane til dei avdøde, sa politimeister Trevor Botting.

På Tobago grunnar politimeister William Nurse over Vårt Lands spørsmål:

– Kva tenkjer du om dei som litar på at opne båtar skal klare å ta dei frå Vest-Afrika til Kanariøyane?

– Vanskeleg spørsmål, eg har aldri møtt dei som vågar seg ut på havet. Men er du svolten, tørst og naken, ja, så søkjer du desperat løysingar som skal gje deg eit betre liv.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter