Nyheter

Kyrkjeleiar og Ap-politikar vil ha færre kristne skular

IDEOLOGISK STRID: Under Solberg-regjeringas åtte år har det vore eit frislepp av friskular samanlikna med Stoltenberg-åra. Dei raudgrøne partia varslar innstramingar.

Kampen om skuleslaget står om namn, på skular og lov. Det skal vere privatskular og privatskuleloven, seier dei raudgrøne partia. Slett ikkje, det skal vere friskular og friskuleloven, seier dei borgarlege.

– Noko av det første me vil gjere er å endre namnet på loven, han skal sjølvsagt heite privatskuleloven, seier Kai Steffen Østensen. Han er Arbeidarpartiets andrekandidat i Vest-Agder, og har på målingar vore inne på Stortinget. Østensen er også leiar i Agder og Telemark bispedømmeråd.

Kampen om retten til å få tilby elevar private, kristne skular, i konkurranse med kommunale grunnskular og fylkeskommunale vidaregåande skular er ein ideologisk kamp.

Borgarlege regjeringar har mjuka opp. Ap- og raudgrøne regjeringar har strama inn.

Mange nye skular under Solberg

Vårt Land har fått Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet til å utarbeide oversiktar over kven kristne friskular som har få ja til oppstart i dei ulike regjeringsperiodane frå 1997 til i år.

Tala viser både grunnskular og vidaregåande skular. Alle som har fått positive svar, har ikkje starta opp:

  • Bondevik-regjeringa 1997-2000: 11 privatskular.
  • Stoltenberg-regjeringa 2000-2001: 4 privatskular.
  • Bondevik-regjeringa 2001-2005: 27 friskular.
  • Stoltenberg-regjeringa 2005-2013: 21 privatskular.
  • Solberg-regjeringa 2013-2021: 49 friskular.

– Østensen, som kyrkjeleiar, altså leiar i bispedømmeråd i Den norske kyrkja, kva meiner du om at mange kyrkjesamfunn ønskjer eigne skular?

– Det er heilt klart uheldig. Her i Agder kan barn gå i kyrkjesamfunnets barnehage, grunnskule og vidaregåande skule, for til slutt å gå på ein kristen høgskule. Slike løp er ikkje tenlege, barn og unge frå ulike miljø må få bryne seg på kvarande i den offentlege skulen.

OSLO  20170320.
Statsminister Erna Solberg presenterer stortingsmelding i forbindelse med hennes og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen  besøker Lakkegata skole,  under  fremleggelsen av  tiltakene som kommer i stortingsmeldinga "Lærelyst  Tidleg innsats og kvalitet i skolen".

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Kommunar skal få vetorett

Dei tre raudgrøne partia som sat med regjeringsmakta i åra 2005-2013 varslar endringar.

– Arbeidarpartiet vil innføre en lokal vetorett. Kommunar skal sjølve få avgjere om dei vil opne for nye privatskular, Ap vil flytte makt frå direktorat og departement ned til kommunane, forklarar Kai Steffen Østensen, og understrekar at Ap mykje heller vil bruke pengar på å styrkje den offentlege skulen.

I programmet seier Ap at dei vil «stramme inn privatskoleloven.»

Senterpartiet vil syte for at nye kommunane kan «oppretthalda og utvikla det offentlege skuletilbodet», noko som betyr regulering av talet privatskular.

SV går lengst: «Kommunane skal bestemme skulestruktur sjølv. Private skular som har fått statleg godkjenning, kan berre etablerast med offentleg støtte dersom kommunane gjer positive vedtak om etablering. Kommunane må òg ha moglegheit til å redusere slike tilbod.»

---

Skular

  • Fram til 2003 var privatskuleloven namnet. Så endra Bondevik II til friskuleloven.
  • Stoltenberg II endra tilbake til privatskuleloven i 2007.
  • Solberg-regjeringa endra tilbake til friskuleloven i 2015.
  • Norge har hatt private skular sidan mellomalderen – dei kyrkjelege katedralskulane.
  • Den offentlege grunnskulen blei bygd ut på 1700-talet.

---

Trur på friskuleforliket

Generalsekretær Jan Erik Sundby i Kristne Friskolers Forbund (KFF) bur seg på kursendring:

– Me vil få ein strengare praksis for godkjenning av nye friskular om dei tre partia skipar regjering etter valet.

Sundby seier SVs programvedtak om at kommunar skal få høve til å redusere friskuletilbodet, er eigna til å skremme. Men han har stor tru på at Sp vil opptre modererande.

– Dei aller fleste partia står framleis bak friskuleforliket frå 2007.

KFF ser at nokre søknader får nei i Utdanningsdirektoratet, for så å bli omgjorde i Kunnskapsdepartementet etter anke.

– På denne måten kan ein seie at det blir brukt politisk skjønn, og med ei ny regjering kan me få eit anna ideologisk skjønn i departementet, seier Sundby.

###

Ja. Nei. Ja. Nei. Nei. Ja

Striden om privatskular har vore hard i tiår. Eit døme frå Sørlandet:

I september 1999 søkjer pinseforsamlinga Oasen Bibelsenter om å få starte ein kristen grunnskule. I mars 2000, rett før Bondevik-regjeringa går av, godkjenner KrFs utdanningsminister Jon Lilletun søknaden.

11 dagar seinere opphevar Stoltenberg-regjeringas utdanningsminister, Trond Giske (Ap), godkjenninga.

Oasen ankar, men får i februar 2001 nytt avslag. Oasen sender ny søknad, men Giske seier nei i oktober 2001, rett før Ap-regjeringa går av.

Oasen ankar avslaget inn for Bondevik IIs utdanningsminister, Kristin Clemet (H), som godkjenner søknaden i desember 2001.

Oasens første skule opnar i februar 2002.

Oasen skal utvide med nye skular

Jan Inge Jenssen er uroleg for innstramingsvarsla frå dei raudgrøne partia. Han er styreleiar i pinseforsamlinga Oasen Bibelsenter, kyrkja som er største eigar og driv fem private grunnskular på Sørlandet. Medeigarar er pinseforsamlinga Filadelfia i Kristiansand og Hånes Frikirke i Kristiansand.

Oasen har utvidingsplanar: samarbeid om ny skule i Grenland, etablering i Flekkefjord, ankesak om skule i Arendal, samt eit godkjent prosjekt i Drammen.

– Arbeidarpartiets haldning til friskular gjer oss ikkje optimistiske med tanke på å få innvilga nye søknader, om det blir eit regjeringsskifte, seier Jenssen. Han vonar Senterpartiet blir moderator.

– Partia på venstresida snakkar om den offentlege skulen som om han var lik over heile landet, men det er han ikkje.

Oasen-sjefen meiner dei offentlege skulane og dei private utfyller kvarandre.

– Litt konkurranse har alle godt av, seier Jenssen, som til dagleg er økonomiprofessor og leiar av NLA Hauge School of Mangement ved NLA Høgskolen.

Utenforskapsmeldingen. Nå skal det bli enklere for  mindre aktører å komme seg inn som leverandører på det offentlige markedet.

KrF fekk skuleforlik

To stortingsrundar har trekt opp rammene for nye skular.

I 2007 blei KrF og Stoltenberg-regjeringa samde om eit privatskuleforlik. Det stoppa tilveksten av privatskuler som fann stad under Bondevik II. Loven sa at nye skular må drivast på eit særskilt grunnlag for å få statsstøtte, alternativ pedagogisk eller religiøst.

I 2014 la Solberg-regjeringa fram lovendringar:

Tilbake til namnet friskuleloven for skilje private skular som får statsstøtte og private skular som må klare seg sjølve.

  • Mogleg å etablere vidaregåande opplæring i yrkesfag og såkalla profilskular innan realfag, språk, kunst og kultur.
  • Dersom friskulen får negative konsekvenser for vertskommunen eller vertsfylket, får søkjar avslag.
  • Regjeringspartia Høgre og Frp blei i 2015 samde med samarbeidspartia Venstre og KrF om å opne for private yrkesfagskular og profilskular.
  • I spørsmålet om vekting av synspunkta til vertskommune og vertsfylke, blei dei fire partia samde om at dei skal få noko større vekt enn tidlegare.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter