Verdidebatt

Framandgjort i folkekyrkja

KYRKJE OG POLITIKK: Misforstår alle som synest folkekyrkja har fått politisk slagside?

Nyleg høyrde eg ein interessant debatt i P2-programmet «Verdibørsen», mellom samfunnsvitar Asle Toje og tidlegare biskop Tor B. Jørgensen, med tema: «Kirken – bare for sosialister?»

Debatten tok vidare viktige poeng som nyleg også er drøfta av andre, slik som Minerva-redaktør Nils August Andresen (i samband med kritikk av kyrkja sin innvandringspolitikk). Spørsmålet handlar om i kva grad det er kyrkja si oppgåve å koma med politiske utspel og vedtak. Fleire opplever no at folkekyrkja erstattar sitt eigentlege mandat med eit meir allment engasjement for klima, oljeleiting, flyktning- og identitetspolitikk.

Misforstår vi?

I debatten framstilte Tor B. Jørgensen dette primært som eit kommunikasjonsproblem. Han bedyrar at kyrkja framleis er oppteken av Jesus, men at mange misforstår, og at Den norske kyrkja (Dnk) dessutan vert mistolka i media.

Sofie Braut

Dette siste er sikkert greitt nok. Utviklinga av det kyrkjelege kommunikasjonsbudsjettet dei seinare åra, tilseier at det er godt rom for å få ut den bodskapen ein vil. I september køyrde Dnk til dømes ein påkosta kampanje over heile landet. Bileta i busskura var vakre, men berre eitt av dei hadde eit motiv (nattverdutdeling) som vagt minna om at kyrkja er noko anna enn ein sosial arena med menneske i sentrum.

Heller ikkje internkommunikasjonen gir inntrykk av ei kyrkje som først og fremst fokuserer på Jesus, Guds rike eller evige sanningar. Ei nokså representativ novemberutgåve av kyrkja sitt nyhendebrev hadde følgjande tre prosaiske toppsaker: «Satsing på kirkebyggene», «FNs frivillighetsdag» og «Høye strømpriser». At kyrkja tonar ned sitt særskilte mandat kan ikkje berre handla om at mottakaren misforstår.

Kyrkja skal vera profetisk

Konservative kristne har lenge uttrykt uro over at Den norske kyrkja på eine sida har blitt for oppteken med verdslege spørsmål, samtidig med at ho har slått teltpluggane djupt ned i molda på sosialistisk side i politikken. Med haustens klimatunge kyrkjemøte, har slike perspektiv fått vatn på mølla. Kyrkjemøtets tid og ressursar går med til saker alle hadde vore tente med at ein samlast om og debatterte politisk. Inntrykket minner om ei Hemingway-novelle, der lesaren fort skjønar at hovudpersonane har noko vesentleg dei treng å snakka om, mens heile samtalen vert ein studie i kunsten å unngå det dei eigentleg treng.

Sagt litt enkelt skal jo ei kyrkje først og fremst tala om dei evige tinga. Visst er det mykje anna som må gjerast og snakkast om i store organisasjonar, men dersom primærfunksjonane vert fortrengde til fordel for det profane og det allmenne, seier kyrkja sjølv at ho ikkje trengst.

Konservative kristne har lenge uttrykt uro over at Den norske kyrkja på eine sida har blitt for oppteken med verdslege spørsmål

—  Sofie Braut

Kyrkja skal og må vera profetisk; ho skal løfta røysta for det usynlege. Gjennom det å dyrka Gud, gjer ho noko ingen andre gjer. Ho skal hjelpa syndarar å koma til rette med feil og tilkortkoming. Ho skal peika ut vegen til liv i ei verd som ofte heng fast i ein dødsdans av forbruk, kortsiktig nyting og egoisme. Bibelens veg frå fall til oppreising er så makelaus at berre Gud kan ha tenkt han ut; frå eitt tre med ei fristande frukt, til eit anna tre med ein fullkomen frelsar.

Men går ein først med på det sekulære samfunnets påstand om at frelse, forsoning og menneskets stilling vis-a-vis ein allmektig Gud er uinteressant og passé, blir spørsmålet: Kva skal ein så bruka sitt store apparat til? Jau, ein snakkar om det alle andre er opptekne av.

Oversjår kritikken

For mange vert kyrkja sin skugge-politikk både komisk og korttenkt. Dnk viser ei forbløffande evne til å oversjå både kritikk og alarmerande statistikk, som vitnar om at ein ved å tona ned det evige til fordel for det timelege, speler seg ut på sidelinja.

Perspektiva til Toje og Minerva illustrerer dessutan at ein ikkje treng ikkje vera teologisk konservativ for å meina at kyrkja går utover sitt mandat når ho riggar seg til som ein semi-politisk aktør. Slike trengst ikkje i eit demokrati som fungerer rimeleg bra. Vert ikkje behovet for å kritisera overbetalte biskopar og heile det tunge Dnk-apparatet endå meir påtrengande om desse no opererer som statleg finansierte politiske aktørar i ei ullen, (men i alle fall ikkje alminneleg folkevalt) rolle?

For mange vert kyrkja sin skugge-politikk både komisk og korttenkt

—  Sofie Braut

Framandgjerande saker

Debatten mellom Toje og Jørgensen får fram fleire av spenningane mellom dei mange som er framandgjort av folkekyrkja og hennar establishment. Toje undra seg mellom anna over korleis ein prest på eige initiativ kan framføra forbønnshandling ved kjønnsskifte i strid med kyrkja si eiga lære, utan noko etterspel frå leiinga. Svaret han får, er at prestar nokså fritt kan framføra bøner og bodskap som ikkje må forvekslast med kyrkja si lære. Det merkelege er at det heile vegen dukkar opp saker der kyrkja, både sentralt og lokalt, ikkje nøler med å ta grep.

Det er nok å nemna saker som Kyrkjerådets overkøyring av lokaldemokratiet ved bispeutnemninga i Stavanger i 2019, oppgjeret med den frittalande presten i den såkalla Kautokeino-saka, Sogndalprest Bruuns nylege uunngåelege sorti på grunn av avvik i synet på tenestedeling, og den ferske Nærbø-saka, der eit konfirmantopplegg til forsvar for ufødde menneske måtte orsakast.

Det er kanskje ikkje, slik Asle Toje føreslår, ein «hjemme-alene-fest» i Dnk, men ein fest der dørvaktarane ser ut til å ha fått svært spesifikke instruksar.



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt