Religion

Kyrkjerådsleiar vil opne for ikkje-kristne gravferder i kyrkja

SEREMONIROM: Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum vil be Kyrkjemøtet vurdere om også ikkje-kristne skal få bruke kyrkjerommet som seremonirom. Men kyrkjene skal framleis vere kyrkjer, seier ho.

– Vi forvaltar kyrkjene som nasjonale kulturskattar på vegner av fellesskapet, og då kan det vere rimeleg at vi er opne for at også andre kan bruke kyrkjene, dersom dei ønskjer det.

Det sa kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum då ho gjesta radioprogrammet Kompass på NRK P2 denne veka. Til Vårt Land utdjupar ho kva ho meiner med det.

– Det har gjort inntrykk på meg når nokon seier at dei vil bruke eit rom som er like fint som kyrkja til gravferder, seier ho.

Ho seier spørsmålet allereie var aktualisert i samband med handsaminga av ny kyrkjeleg kulturarvstrategi fram mot årets Kyrkjemøte.

– Utgangspunktet er at kyrkjebygga ofte er dei største og dei vakraste bygga i lokalsamfunnet. Kyrkjebygget set på mange måtar standarden for kva som er eit eigna sermonirom.

Ingen skal tvingast inn i kyrkja

Debatten om kven som skal kunne bruke kyrkjene har gått i våre spalter sidan forfattar Agnes Ravatn gjekk ut med ein kommentar i Aftenposten med tittelen «gravlegg meg, men ikkje i gymsalen.»

Raaum har stor forståing for at mange kjenner det slik, og ho har også forståing for at mange kommunar spør seg om kvifor dei skal bruke 50 millionar på eit stort, livssynsnøytralt sermonirom, når dei fleste uansett vel kyrkja til gravferder.

Samstundes er ho klar på at ingen skal tvingast til kyrkjeleg gravferd. Ho viser blant anna til at Humanetisk Forbund (HEF) har vore tydeleg på at dei meiner kyrkjebygget er eit uttrykk for kristen tru, og at dei slett ikkje ønskjer å gjennomføre sine seremoniar der.

– Når ein står overfor sorg og død så betyr det noko kva vi trur på og kva vi ikkje trur på. Kommunane må framleis leggje til rette for at alle har rom dei kan gjennomføre gravferder i – også dei som ikkje vil ha gravferda si i eit kyrkjerom.

Kyrkja må ikkje «avkyrkjeleggjerast»

I intervjuet med NRK understreka Raaum at det er uaktuelt å «avkyrkjeleggjere» kyrkjerommet.

– Kva legg du i det?

– Kyrkja skal vere kyrkje. Det viktig å seie at kyrkjerommet ikkje sluttar å vere eit kyrkjerom i den augneblinken presten forlèt rommet. Kyrkja formidlar kristen tru, og det skal ikkje gjerast om.

Ho seier det er uaktuelt å til dømes fjerne kors eller dekke til alter og altertavle. Kyrkja skal vere som ho er, med all den kristne symbolikken ho ber med seg.

– Eg meiner det i denne samanhengen er riktig å bruke ordet gjestfridom. Det vil vere kyrkja som eig og disponerer rommet. Slik skal det vere. Og så vil det vere nokon som vil låne det og bruke det på dei premissane.

TRONDHEIM  20161206.
Begravelse i den norske kirke. Kiste og blomster i Havstein kirke.
Modellklarert til redaksjonell bruk.
Foto: Gorm Kallestad / NTB

Uaktuelt å avvigsle

Sjølv om det kan tenkjast å vere andre seremoniar som kunne vore aktuelle å ha i ei kyrkje, så er det berre gravferder Raaum meiner vil vere aktuelle å opne for ikkje-kristne. Men ho er open for at det ikkje berre skal vere livssynsnøytrale gravferder som skal kunne skje i kyrkjerommet, dersom det er ønske om det.

– Eg kan ikkje sjå at det skulle vere umogleg for andre religionar og livssyn å delta i kyrkjerommet.

I koronatida godkjende Bispemøtet at kyrkjer kunne leigast ut til livssynsnøytrale gravferder, men ikkje for gravferder for andre religionar. Men i ein ny situasjon vil også ein slik diskusjon måtte takast på ein skikkeleg måte, meiner ho.

Ein ting ho derimot er klar på ikkje er aktuelt å ta opp no, er å avvigsle kyrkjer. Det var Venstre-leiar Guri Melby som kom med dette framlegget først. Ho meiner at det kan vere naturleg at enkelte gamle kyrkjer som er lite brukt, kan gjerast om til livssynsnøytrale sermonirom.

– Det er eg skeptisk til, seier Raaum.

– Vi har ikkje tradisjon for å avvigsle kyrkjer i Noreg. Og sjølv om det er enkelte lokale kyrkjer som er mindre brukt, så veit eg at folk er veldig glade i dei lokale kyrkjene sine.

Teologisk vurdering

Raaum seier at ho på kyrkjerådsmøtet 9.–10. desember vil be administrasjonen utarbeide ei sak om dette. Deretter vil det følgje ein vanleg prosess fram mot Kyrkjemøtet, der det også vil vere naturleg at Bispemøtet kjem med ei teologisk vurdering. Kor lang tid det vil ta å handsame ei slik sak, vil kyrkjerådsleiaren ikkje forskotere.

– Det kan bli på Kyrkjemøtet i 2022, eller seinare. Nokre saker tek kort tid, og andre tek lang tid. Men det skal få ei grundig og skikkeleg handsaming.







Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion