Mannstungt for Brageprisen
Dei ti seinaste åra har berre ei kvinne fått Brageprisen i kategorien skjønnlitteratur for vaksne. I år blei fire av fem kategoriar vunne av menn. Er det eit problem?
VINNAR: Lars Saabye Christensen blei tysdag tildelt Brageprisen for romanen
Roald, Berit
Lars Saabye Christensen fekk tysdag Brageprisen for romanen Magnet.
Det eg har lese av romanen, vitnar om ein forfattar med stort språkleg overskot, og med evne til å fortelje ei omfattande historie med mange lag. Romanen står fram som eit omfattande løft, og kritikkane har jamt over vore svært positive.
Det er med andre ord ingen grunn til å stille store spørsmålsteikn ved at det er nettopp Saabye Christensen som blir heidra for å ha skrive årets beste skjønnlitterære bok for vaksne.