Kommentar

Dei forstår kvarandre ikkje

Bli med på innsida av forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett, og du vil få sjå korleis kulturforskjellar mellom partia SV, Ap og Sp fjernar all tru på raudgrøn harmoni.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Rundt det ovale møtebordet i det som vert kalla statsrådssalen på Stortinget, sit dei tre forhandlarane Kari Elisabeth Kaski (SV), Geir Pollestad (Sp) og Eigil Knutsen (Ap) saman med dei næraste rådgjevarane sine. Der har dei forhandla i over to veker. No trur mange løysinga er nær.

Forundring og misforståingar

Det har likevel vore humpete. Medan folk hadde pinsefri mandag, gjekk Støre-regjeringa ut med nyheita om at regjeringa snur i spørsmålet om å utsette bygginga av Ocean Space Center i Trondheim. I regjeringa sitt framlegg til revidert nasjonalbudsjett vart det føreslått å utsette bygginga av gigantprosjektet på grunn av usikre estimat på kostnadane. Regjeringas snuoperasjon fekk følgjande respons frå SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes:

«Vi er svært forundret over at regjeringen foretar en snuoperasjon uten at det er avklart med SV i forhandlingene om budsjettet som pågår nå».

Var i regjering saman

Det er eigentleg rart å sjå for seg at SV sat åtte år i regjering med Sp og Ap inntil 2013. Det er ikkje lenge sidan, men likevel verkar det no som om desse partia i liten grad forstår kvarandre.

Frå innsida av forhandlingane vert det fortalt om kulturforskjellar mellom partia som gjer forhandlingane meir utfordrande enn dei treng å vere.

SV-arane rundt bordet opplever at krava dei fremmer om å kutte meir i klimagassutslepp og reversere bistandskutta regjeringa har lagt opp til, vert oppfatta som forhandlingsstrategi av Ap og Sp.

Verdiparti vs. næringsparti

SV er eit av få parti i norsk politikk som kan skildrast som eit reint verdiparti. Folk verken stemmer eller engasjerer seg i SV på grunn av ei sak i partiprogrammet, men på grunn av ein idé om noko større. I parti som Ap og Sp er det annleis. Der er makt og bruk av makt, meir framståande. Både Ap og Sp er utprega næringsinteresseparti. Internt i dei to regjeringspartia er hestehandel eit kjend fenomen, mellom ulike fløyer internt – og mellom desse partia og andre parti.

Derfor er det – ifølgje SV-arane – vanskeleg for Ap og Sp å forstå at SV meiner klimagassutsleppa må ned, og at bistandskutta må bli reversert, heilt på ekte. Det er ikkje del av eit spel for SV, slik dei opplever at Ap og Sp trur det er.

Denne dynamikken gjer forhandlingane mellom partia ekstra krevjande, sjølv om fleire tett på forhandlingane fortel at dei denne gongen har blitt betre til å forstå kvarandre.

SV er redde for å bli lurt

I Ap og Sp er det derimot ei anna forståing. Der er opplevinga at SV trur at Ap og Sp sine forhandlarar på Stortinget sit med meir informasjon enn dei er villige til å gje SV. Det fører til at SVs forhandlarar er redde for å bli lurt, som igjen påverkar forhandlingsdynamikken.

I Ap er det òg ei oppleving av at SVs forhandlingsstrategi er sterkt prega av internt maktspel i SV, mellom finanspolitisk talsperson Kari Elisabeth Kaski og nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes

—  Emil André Erstad, kommentator

I Ap og Sp er det også vanskeleg å forstå at SV er eit anna parti som meiner andre ting enn dei. Forhandlarane rundt bordet i statsrådssalen øver seg på å forstå denne forskjellen, fordi Ap og Sp har ein tendens til å skulle overforklare standpunkta til regjeringa for å overtyde SV. Problemet er berre at logiske argument ikkje hjelper når ideologien og partikulturen er så forskjellig.

Derfor var kunngjeringa om Ocean Space Center eit oppsiktsvekkande trekk av regjeringspartia. Det var ingenting som tyda på at det skapte større tillit eller forståing internt i forhandlingsrommet.

Ikkje redd for dei same partia

Det handlar primært om kva perspektiv dei ulike partia har. SV, Ap og Sp er ikkje opptekne av dei same veljarane, eller redde for kritikk frå same hald. SV er først og fremst redd for å bli kritisert for å gje seg for lett i kampen for verdas fattige og klimaet, og den kritikken vil sannsynlegvis komme frå MDG, KrF, Venstre og Raudt.

Det er lite som minner om raudgrøn harmoni, nesten eit år etter stortingsvalet

—  Emil André Erstad, kommentator

Ap og Sp fryktar ikkje den kritikken i like stor grad. Dei er derimot opptekne av å ha solide kort på handa mot kritikken som kan komme frå Høgre og Frp, sidan det er desse partia Ap og Sp konkurrerer om flest veljarar med. SV konkurrerer i særs liten grad om veljarar frå Høgre og Frp.

I Ap og Sp vert det snakka om at det kan sjå ut som det er manglande tillit innan SV mellom finanspolitisk talskvinne Kaski og nestleiar Fylkesnes. Frå SV vert dette avvist, med at partiet har full openheit seg imellom om forhandlingane.

Ingen raudgrøn harmoni

Ap og Sps oppleving handlar om at nestleiar Fylkesnes har fått rolla som ein slags superforhandlar for SV på Stortinget, etter at partiet fekk den viktige vippeposisjonen mot regjeringa. Rett etter valet i fjor oppretta SV eit forhandlingsutval som skulle jobbe dedikert og spesialisert med forhandlingar på Stortinget, leia av Fylkesnes.

Då forhandlingane på mandag vart løfta til nivået for parlamentariske leiarar, var det Fylkesnes som møtte for SV – sjølv om han ikkje er parlamentarisk leiar for SV. I regjeringspartia vert det peika på at Fylkesnes har ein heilt annan og meir konfronterande stil enn Kaski, og at det dermed gjer forhandlingane vanskelegare.

Dynamikken og kulturforskjellane i forhandlingane – som Støre-regjeringa er heilt avhengige av for å ha fleirtal i Stortinget – er dermed med på å gjere ei svak regjering, endå meir sårbar. Det er lite som minner om raudgrøn harmoni, nesten eit år etter stortingsvalet.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar