Kommentar

Eit heidersteikn at han blir opposisjonens hakkekylling

Høgresida er i ferd med å gjere næringsminister Jan Christian Vestre til den store hakkekyllingen. Problemet er berre at påstandane om at han berre står for store ord og lite handling, faktisk ikkje stemmer.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Held opposisjonen seg til fakta i kritikken av regjeringa?

Spørsmålet er verd å stille etter ein diskusjon i Stortinget førre veke, då det vart oppheita stemning i stortingssalen.

Arbeidarpartiets wonderboy Jan Christian Vestre stilte i den munnlege spørjetimen. Sivert Bjørnstad, som er Framstegspartiets næringspolitiske talsperson, og resten av opposisjonen, stilte den ferske næringsministeren til veggs. «Det var ikkje måte på kva statsråd Vestre skulle utrette då han tiltredde», sa Bjørnstad før han summerte opp Jan Christian Vestres leveransar til Stortinget slik: «Ikkje ei einaste melding, ikkje ein einaste proposisjon».

Lettvint kritikk

I ei sak i Dagens Næringsliv meinte Bjørnstad at «Vestre må bruke mye mer tid på kontoret».

Linda Hofstad Helleland frå Høgre sa rett ut at næringsministeren må bli målt på «handling og ikkje prat».

Det er forståeleg at opposisjonen kjenner behov for å ta Vestre. Han er blant dei mest aktive, synlege og best likte politikarane i regjeringa

—  Emil André Erstad, kommentator

Det er lett å ta Jan Christian Vestre på at han er ein duracell-kanin og ein litt utypisk politikar.

Alle som har høyrd han i Dagsnytt 18 eller Politisk kvarter på NRK, forstår at Vestre har mykje på hjartet, at han flyr høgt og kan stå fram litt hektisk. Likevel slår han dei fleste som ein imponerande type, debattsterk og full av store visjonar. Vestre snakkar flittig om industrieventyret til Hydro-gründeren Sam Eyde – mannen Vestre omtalar som sitt store førebilete.

I 2020 vart bedrifta hans, møbelprodusenten Vestre, kåra til årets vekstskapar.

Stemmer det?

Vestre har i løpet av sine første seks månader i ministerstolen allereie besøkt 200 bedrifter.

For Vestre er opposisjonens hardkøyr mot han i Stortinget førre veke berre ei stadfesting av at han har fått sving på sakene.

Uansett er det viktig at opposisjonen held seg til fakta, elles blir kritikken både feil og lettvint.

For å vinne val er høgresida avhengig av å ha eigarskap til næringspolitikken. For å få det til, må dei ha ei historiefortelling som heilt grunnleggande seier at regjeringa er for dårleg

—  Emil André Erstad, kommentator

For stemmer det Bjørnstad seier, at Vestre ikkje har levert noko til Stortinget i det heile tatt? «Kvifor vil ikkje statsråden handle?», spurte Bjørnstad i Stortinget, og la dermed tyngre skyts bak påstanden om «store ord og lite handling».

På den korte tida sidan han kom inn i regjeringa, har Vestre levert tre proposisjonar til dei folkevalde i nasjonalforsamlinga.

Stor aktivitet

Den eine kom i sjølve statsbudsjettet, den andre handla om endringar i minerallova og den tredje handla om pandemihandteringa. I tillegg har Vestre svart på 87 skriftlege spørsmål, svart på 23 spørjetimespørsmål, 2 interpellasjonar og levert 13 svar til Stortinget.

På spørsmålet frå Bjørnstad svara Vestre roleg og kontrollert at Støre-regjeringa har levert tre gonger så mange saker til Stortinget, relatert til næringspolitikk, som det Solberg-regjeringa gjorde i løpet av sitt første halvår. Han nytta òg høvet til å varsle om at det kjem både ei eigarskapsmelding, ein batteristrategi og ein mineralstrategi til Stortinget.

Det er i tillegg til alle bedriftsbesøk, arbeid med å sende endringar i reglar for grøne anskaffingar, og nye tiltak for å styrke konkurransen i daglegvaremarknaden. Vestre har òg på eiga hand rydda opp i dei høge leiarløningane ved statlege føretak. Då det vart avslørt at det heilstatlege investeringsselskapet Argentum betalte skyhøge leiarløningar, truga næringsministeren med å kaste heile styret. No har han levert same trugsel til alle dei statlege føretaka. Han har òg jobba med eksportsatsing og industrielle partnarskap med EU, Tyskland, Sverige og USA.

For ikkje å gløyme den historiske satsinga på havvind, som neppe kan bli karakterisert som manglande handling.

Trøblete historieforteljing

Det er forståeleg at opposisjonen kjenner behov for å ta Vestre. Han er blant dei mest aktive, synlege og best likte politikarane i regjeringa. Fleire i og utanfor Arbeidarpartiet spår den unge mannen ei lysande framtid på toppen av norsk politikk.

Kanskje er opposisjonen redd for at Vestre verkar litt vel flittig. Næringsministeren haustar mykje lovord frå NHO og næringslivet, og kan dermed bli opplevd som ein trugsel for høgresida som vil vere best på næringspolitikk.

For å vinne val er høgresida avhengig av å ha eigarskap til næringspolitikken. For å få det til, må dei ha ei historieforteljing som heilt grunnleggande seier at regjeringa er for dårleg, og at politikken deira ville gjort alt mykje betre.

Vestre kan skape trøbbel for ei slik historieforteljing.

For at den historieforteljinga skal fungere, må den uansett bygge på fakta. Første lekse for opposisjonen kan dermed vere å gå inn på kontoret og lage nye talepunkt.



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar