Kommentar

Krisegevinst for Arbeidarpartiet

Ny måling gir håp for kriseprega sosialdemokratar, men den er likevel urovekkande.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

I Arbeidarpartiet trudde mange at regjeringsmakt ville gje hopp på målingane. Partiet løfta seg imponerande inn mot valet i fjor haust, frå 17-talet på meiningsmålingane om til valresultatet på 26,3 prosent i september.

Så kom krisene, og det nye regjeringslaget til Jonas Gahr Støre stod med hendene fulle av korona, straumkrise og attpåtil full krig i Ukraina. For store, statsberande parti skal slike kriser normalt gje uttelling, slik det gjorde for Erna Solbergs Høgre i åra med koronapandemi.

Lite stress over oppslutninga

På Vårt Lands april-måling var partiet heilt nede på 20-talet. I mai-målinga har partiet størst framgang, med 3 prosentpoeng oppover, til 23,9 prosent. Det er framleis solid bak valresultatet, men likevel over det som har vore gjennomsnittet for partiet på målingane dei siste månadane.

Krigen i Ukraina, handteringa av straumkrisa og etterdønningane etter korona, kan gje Ap naudsynt krisegevinst i tida framover, men det hjelper lite om resten av venstresida sakkar akterut.

—  Emil André Erstad, kommentator

I Arbeidarpartiet har stort sett alle ein snakkar med, bevart roa over dei dårlege målingane. Det er det fleire grunnar til.

For det første har Ap-folk forklart det med at det same skjedde med Høgre etter stortingsvalet i 2013. Den gongen var det Ap som flaug høgt på målingane, fleire over 40 prosent oppslutning. Det var eit kunstig høgt nivå, som seinare viste seg då partiet tapte valet mot Høgre i 2017.

Vil det same gjelde for Høgre? Kva skjer den dagen Erna Solberg går av, og blir erstatta av ein annan Høgre-profil i leiarstolen? I Ap vert det sagt at det er lenge til valet, og mykje kan endre seg.

Gode bakgrunnstal for Ap

For det andre verkar folk i Ap no meir komfortable med at oppslutninga er lågare enn tidlegare. Det norske partilandskapet har endra seg dramatisk dei siste åra, og ein av konsekvensane er at det gamle hegemoniet til Ap forsvann. Fleire har tenkt at dagens situasjon er mellombels, at det er eit tidsspørsmål før sosialdemokratane tar tilbake trona i norsk politikk. No er det færre som trur på slikt, også heilt på toppen i Ap. Kanskje må Ap-folk rett og slett venne seg til at dei ikkje har eit naturleg krav på rolla som landets største parti.

Uansett viser den siste målinga til Vårt Land at Ap gjer det godt, spesielt viss vi ser nærare på bakgrunnstala. Der hentar partiet veljarar frå regjeringsveslebror Senterpartiet, men òg eit jamt tilsig frå dei fleste andre partia – utanom Raudt og Frp. Ap har stort fråfall av veljarar. Berre Sp, SV og MDG mistar fleire, men Ap klarar i motsetnad til desse å hente mange nye. Flest veljarar henter Ap frå sofaen, og har med det den største mobiliseringsprosenten av alle partia – 11,8 prosent mot Høgre på 9,3 prosent.

Venstresida sakkar akterut

For Ap held det ikkje dermed å gjere ei grei måling åleine. På grunn av Sps spektakulære fall dei siste månadane, er det berre å sjå langt etter eit parlamentarisk fleirtal i Stortinget som kan støtte ei Ap-regjering etter valet i 2025. Då må både Sp, SV og Raudt gjere det betre enn å slite på kring 6 - 7 prosent.

Krigen i Ukraina, handteringa av straumkrisa og etterdønningane etter korona, kan gje Ap naudsynt krisegevinst i tida framover, men det hjelper lite om resten av venstresida sakkar akterut.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Erstad er kommentator i Vårt Land. Han har tidligere jobbet i Helsingforskomiteen og vært rådgiver på Stortinget.

Annonse
Annonse

Mer fra: Kommentar