Religion

Råsterkt om skadeleg tru

Andreasprisvinnaren Korsveien er ein rystande film. Han viser korleis religiøs tru kan øydelegge eit ungt menneske.

Dersom all religiøs tru var som i filmen Korsveien, fanst det ikkje mykje håp og kjærleik i verda. Den tyske regissøren Dietrich Brüggemann er aktuell med det som må vere den mest rystande filmen på norske kinoar på mange år. Filmen vann i fjor haust Andreasprisen i Haugesund, der underteikna var juryleiar. Først no får Korsveien ordinær norsk kinopremiere, godt tima til påske. Filmen er bygd opp kring dei fjorten stasjonane på Jesu lidingsveg, Via Dolorosa. Formgrepet blir aldri stilisert, men skaper ei estetisk ro som står i stor kontrast til den uroa filmen vekker gjennom den forferdelege tematikken.

Her går ei ung jente til grunne fordi ho elskar Jesus.

Men ikkje berre derfor. Ho får i tillegg dårleg religiøs vegleiing.

LES INTERVJU MED REGISSØREN: Tenåringsjenta som ofrer seg for Jesus

Stort alvor

Filmen er likevel ikkje eit frontalangrep på religion sett frå ein eller annan utanforståande ateistisk bastion. Dietrich Brüggemann, som også har skrive manuset saman med søstera Anna, nærmar seg emnet sitt med stort alvor. Han skildrar ein fundamentalistisk katolsk kyrkjelyd som ikkje berre er i utakt med samtida, men aktivt mistrur henne. Heldigvis finst det (trur og håper eg!) få tilsvarande kristne miljø i Noreg i vår tid, sjølv om vi støyter på tankegods som vil vere fullt gjenkjenneleg for mange som har eller har hatt erfaring med mørk-pietistiske kristne miljø. Det handlar om å forsake verda, vere ein soldat for Kristus, nekte seg små og store gleder og avsløre Satan der han måtte finnast – i musikken og kleda, på TV og på Facebook. Til og med småkaker blir ei freisting av store dimensjonar.

Konfirmantpresten til hovudpersonen Maria, pater Weber (Florian Stetter), instruerer ungdommane på eit vis som får det til å gå kaldt nedover ryggen på meg: Det er ikkje så lett å arrestere han på enkeltutsegner, men teologien får samtidig preg av manipulasjon. Den første scena i filmen varer i nesten 15 minutt og viser den siste førebuingstimen før konfirmasjonen. Filmatisk er ho lysande, og set standarden for resten av filmen.

LES OGSÅ: Film om ødeleggende, kristen tro får pris

Ofrar livet

Hovudpersonen Maria er meisterleg spela av Lea van Acken, som ber heile filmen på dei smale skuldrene sine. Problemet er at ho tek krossen sin opp på ein måte som Jesus aldri ville ha bedd henne om. Ho ønskjer i siste instans å ofre sitt eige liv for at veslebroren hennar, Johannes, skal bli frisk. Marias kamp for Gud kjem skeivt ut frå start, og ho har ingen rundt seg med kraft til å korrigere henne. Klassekameraten Christian (Moritz Knapp) prøver så godt han kan, han forelskar seg i henne, og prøver å berge henne med sin meir moderate og håpefulle kristendom. Den franske hushjelpa Bernadette blir som ei mor for Maria, men heller ikkje ho evnar å nå heilt inn med ein meir håpefull og sunn religiøs bodskap.

Maria stiller altså spørsmålet om kva ho kan ofre, og kjem til eit uhyrleg svar. Vi blir drivne saman med henne frå livshåp til fortviling, mens trua blir pervertert i Guds namn. Det er vondt å sjå. Ikkje alle vil komme frå denne filmen med påskegleda intakt.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Negativ kraft

Mora (Franziska Weisz) i filmen deler på eitt vis rolla med pater Weber som den store negative krafta. Ho evnar ikkje å elske Maria for den ho er, og ho evnar ikkje å gi Maria eit sunt gudsbilete. Samtidig er ikkje mora teikna i svart/kvitt, og det er mogleg å forstå deler av henne, samtidig som ho nesten konsekvent får meg til å grøsse med innstillinga si, tonen sin og orda sine. Når Maria vil begynne i kyrkjekor i ei meir moderne kyrkje, spyttar mora ut orda «funk» og «soul» med så stor forakt at det knyter seg i magen. Det er godt gjort å ikkje la det tippe over i spelinga av ein slik rollefigur. Weisz gjer ein fabelaktig skodespelarjobb, slik mora i filmen held maska stramt samla heilt til det brest også for henne.

Korsveien er ein film som ikkje minst alle kristne definitivt bør få med deg. Han er gjennomgåande prega av stor dramatikk utan bruk av overdramatiserande verkemiddel. Den stramme fotograferinga stiller høge krav til skodespelet, som blir tilsvarande meir imponerande. Men dette er ein film der det er vanskeleg å eigentleg nyte gode filmfaglege prestasjonar. Tematikken bryt igjennom så sterkt og kjem tett innpå. Filmen er langt ifrå oppbyggeleg, snarare nedslåande. Men dette er film av det heilt store eksistensielle formatet.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion