Anne Lindmo, kjent frå NRK, har skrive om hobbyen sin, turgåing. Eg såg for meg ei flott fotobok, men framsideportrettet er det einaste bildet. Min tur er uansett eit realt skrytealbum. Lindmo klarer heilt fint å kringkaste bilde inn i hovudet på lesaren.
Min tur startar på ei seter i Vågå. «Oldeforeldrene mine kjøpte den i 1925, de var byliberale intellektuelle venstrefolk opptatt av bunader, målrørsle og norskdom. De tilhørte dessuten den første generasjonen vanlige nordmenn som kunne nyte godt av begrepet fritid, og kjente at naturen kunne brukes til å ta pause fra en krevende tilværelse.»
Rekreasjon er også poenget i Lindmo sitt friluftsliv.
Bekymringslaus meistring
I småbarnstida begynte Lindmo å gå turar i nærområdet med familien og venner. Det vart ein god måte å organisere livet på: «Det at vi kom på å stikke ut, var avgjørende for at vi klarte oss gjennom småbarnsårene, fortsatt hele som mennesker og fortsatt sammen som par.»
Seinare fer Lindmo på fleire og fleire turar, både åleine og med nye turvenner. Ho er ein uredd og lærevillig turgåar som finn glede i å pakke og planleggje. Ho køyrer bil ut av storbyen, oppsøkjer stadig tøffare turmål, går lange etappar frå hytte til hytte, vil meistre naturen. Ho lærer seg randonee og klatrar Romsdalshorn!
---
Sakprosa
Anne Lindmo
Min tur
250 sider, Vigmostad & Bjørke 2023
---
Interessant nok erkjenner Lindmo at: «Det er ljug det som gjerne sies, at den norske villmarka er tilgjengelig for alle som vil. Friluftsliv krever fort et solid budsjett og et ganske stort pensum med kunnskap. Det låter bare mye mer sosialdemokratisk koselig å si at den norske naturen er gratis og for alle.» Lindmo skriv definitivt best når ho tillet seg å vera krass eller satirisk.
Mot slutten av boka piplar nokre såre tankar fram, når Lindmo bebreidar seg sjølv for at ho ikkje har vidareført seterferiane til ungane sine. Men ho feiar det raskt unna: «Dette er bortkastet selvpisking og en sentimental blindgate.»
Menneska og aktivitetane er i fokus i Min tur, ikkje naturen. Det er påfallande få skildringar av dyreliv. Boka ville truleg ikkje vore gjeve ut om forfattaren ikkje var kjendis. Min tur er fyrst og fremst ei bok om Anne Lindmo, om den fysiske og mentale styrken hennar.
Min tur er fyrst og fremst ei bok om Anne Lindmo, om den fysiske og mentale styrken hennar
— Guri Sørumgård Botheim
Det er i det heile teke noko bekymringslaust over boka, som nokre vil like og andre vil mislike. Forfattaren stiller ikkje spørsmål ved om friluftslivet hennar forstyrrar naturen. Ho uttrykkjer inga bekymring for naturtap. Lindmo takkar turvenner og dei som har tilrettelagt den urørte naturen for turgåing. Men ho gløymer å takke naturen.
Gå grønt?
Forordet i Gå grønt fører oss direkte inn i problemstillingane som er fråverande hjå Lindmo. «Naturen er utsatt og krymper år for år. Flere av våre kjente og kjære arter som fjellrev og lundefugl, har havnet på rødlisten over truede arter i Norge. Samtidig er villmarkspreget natur redusert fra 50 prosent til 11 prosent de siste hundre årene».
Vi lærer at friluftslivet set fotavtrykk gjennom forbruk, forflytting og fritidsbustad. Målet med boka er å syne korleis ein kan «leve et mer naturvennlig friluftsliv». Mange av turmåla kan nåast med tog eller offentleg transport. Og boka har eigne kapittel om blant anna å reparere klede og låne utstyr.
---
Sakprosa
Hege og Stine Schultz Heireng
Gå grønt
256 sider, Gyldendal 2023
---
I ein sober stil guidar systrene Hege og Stine Schultz Heireng oss gjennom 48 korte og lange turar til ulike leigehytter. Boka har nyttige kart og flotte turbilde. Systrene røper lite om seg sjølve og trer ikkje fram som individ, men vi får tilgang til sanseopplevingar og haldningar. Turane blir skildra i presens av eit «vi», lesaren går liksom i lag med systrene. Dei har ikkje behov for å skryte av at dei er spreke eller tøffe. Turane spelar hovudrolla.
[ Foreslår at allemannsretten må vike ]
Boka er best når det grøne fokuset peiker ut turmåla. Kunnskap om natur og naturvern blir elegant snike inn, som i skildringa av våtområde i Hukkelmarka, «i et klimaperspektiv er myrer spesielt viktige fordi de inneholder enorme mengder karbon som er lagret gjennom tusenvis av år». Høgdepunktet er ein tur i Femundsmarka, der forfattarane tek seg tid til å sjå på dyrespor og å oppleva nattehimmelen. Både lyd- og ljosforureining blir nemnt. Det siste turmålet er Smøla vindmøllepark, som forfattarane kjem til med opent sinn, men dei blir kritiske til naturinngrepa.
Eg skulle gjerne sett at boka var enda meir insisterande i det grøne fokuset
— Guri Sørumgård Botheim
Eg skulle gjerne sett at boka var enda meir insisterande i det grøne fokuset. Nokre turmål kunne vore sortert ut. På tur i Rondane og på ski gjennom Stroplsjødalen mot Snøhetta, veit forfattarane at dei beveger seg i områda til den raudlista villreinen: «Menneskelig nedbygging av natur har enorme konsekvenser for villreinen. (…) Turen til Snøhetta vinterstid tar deg gjennom et sårbart område for villreinen, og løypa går gjennom viktige vinterbeiter».
Kva med å ta konsekvensen av dette og ikkje gå her? Bør ei bok med tittelen Gå grønt reklamere for turar inn i dei raudaste av dei raude villreinområda?
Meir besøk?
DNT er landets største foreining med 310.000 medlemmar, 142 millionar i omsetning og 65 millionar i offentlege tilskot. Våre best bevarte hemmeligheter er ein turguide i same stil som Gå grønt, snevra inn til DNT-hytter. Boka har faktaboksar og fine bilde, og eigne kapittel om å ferdast i sårbar natur og om eit grønare friluftsliv.
[ «Inspirerende om å finne mental styrke i naturen» ]
På omslaget står namnet til generalsekretæren, Dag Terje Klarp Solvang. Eg trudde difor at han hadde skrive boka. Men det viser seg å berre vera forordet. Bakarst i boka kjem det fram at kapitla er skrive av mange ulike personar og DNT-lag. Det var sikkert mest effektivt, men det fører til at teksten manglar ein tydeleg forteljar. Språkleg, fagleg og estetisk er DNT-boka nokre mil bak Gå grønt.
---
Sakprosa
Dag Terje Klarp Solvang m.fl.
Våre best bevarte hemmeligheter
304 sider, Cappelen Damm 2023
---
La oss sjå på formålet med DNT-boka. Både i forordet og i kapittelet «Å ferdes i sårbar natur» står det at turmåla er vald fordi DNT meiner at desse toler meir besøk. Men stemmer det? Boka skildrar fine turar i skogane på Austlandet, som passar med bodskapen. Men kva med fjellturane?
Hege og Stine Schultz Heireng skriv ikkje noko kritisk om DNT, tvert om. Likevel kan det vera freistande å la Gå grønt kritisere DNT-boka. Om Kiellandsbu i Hardanger skriv systrene: «Her går mobilkameraer varme, hashtagene løper friskt (…) På solskinnsdager sitter det folk på enhver knaus for å ta sitt ikoniske turbilde frå den eiendommelige plassen, og området rundt hytta bærer tydelig preg av slitasje.»
Men kva hytte er det som prydar framsida av Våre best bevarte hemmeligheter? Jo, Kiellandsbu.
[ Når setrene forsvinner gror fjellheimen igjen ]
Synlege og usynlege spor
DNT-boka skildrar ei rekkje turruter i villreinområde, og faktisk i fleire av områda som kvalitetsnormen for villrein har klassifisert med «raudt ljos», som Snøhetta, Rondane, Hardangervidda og Setesdal Ryfylke. Boka informerer om korleis ein skal opptre om ein møter på villrein, og skildrar utfordringane til arten: «Studier viser at villreinen gjerne unnviker et område dersom trafikken av fotturister kommer over et visst nivå. Det betyr at en mye brukt tursti også kan fungere som en barriere som dyrene ikkje vil krysse.»
Her kunne dei ha teke med det faktiske talet: Går det dagleg fleire enn 30 på ein sti, vil Rondane-reinen vise sterk unngåande åtferd (kjelde: NINA). Turgåarane etterlet seg usynlege luftspor i terrenget, som villreinen skyr.
Toler Rondane og dei andre raude villreinområda meir besøk? Nei.
Sett i ljos av det enorme omfanget av turar som DNT legg til rette for, er viljen til å vise omsyn til villreinen liten
— Guri Sørumgård Botheim
DNT har bestemt seg for å leggje ned nokre råk, dei har flytta bort ei hytte i Rondane og innskrenka opningstider for å skåne villreinkalvinga. Det er bra. Men sett i ljos av det enorme omfanget av turar som DNT legg til rette for, er viljen til å vise omsyn til villreinen liten.
[ Guri Sørumgård Botheim: – Skjønnlitteraturen kan si det politikerne ikke tør ]
Det er forståeleg at DNT vil reklamere for hyttene sine. Men når Våre best bevarte hemmeligheter så tydeleg postulerer at dei omtalar område som toler meir besøk, for deretter å invitere folk inn i dei raudaste villreinområda, så framstår dette som eit reklamegrep og ikkje ein legitim bodskap.
Kven skal ha fyrsteprioritet i fjellet? Menneska på jakt etter opplevingar eller dyra som lever her?
På bærtur?
Den tradisjonelle bruken av fjellet var knytt til jakt, fiske, bærplukking, sanking, beiting og setring. Dei tre turbøkene representerer det moderne friluftslivet, rekreasjon er formålet, tempoet er høgt og destinasjonane mange.
Er bøkene på bærtur? Nei, men det burde dei ha vore. For dei som framleis har fjellet i ryggmargen, i hendene og føtene sine, er det absurd å strena forbi ei moltemyr utan tid til å plukke.
Guri Sørumgård Botheim er forfattar frå Lesja. Ho har gjeve ut romanen Høgfjellsmeldinga om villrein, naturrestaurering og respekt for naturen, om kjærleik og hemn.