Anmeldelser

M. Seppola Simonsen bør ta djervskapen med seg vidare

M. Seppola Simonsen freistar gjennom naturlyrikk å finna eigne slektsrøter i det kvenske miljøet som poeten språkleg og kulturelt har vore utestengd frå.

Eg visste svært lite om kvenene, deira historie og kultur, til eg kring 1970 vart ven med forfattaren Idar Kristiansen som fortalde meg om dette folket han kom frå og som raust gav meg bøkene sine. Både samværa med den sårbare Kristiansen og lesinga av bøkene frå kvensk miljø var eit på same tid gledeleg og vondt møte med kulturell rikdom og det norske storsamfunnets trakassering og usynleggjering.

Identitetsleiting

Ei formulering i dagens bok, diktsamlinga Hjerteskog/Syđänmettä av M. Seppola Simonsen les eg som sentral i lagnaden for mange av kvensk avstamning: «det er kvensk å tro/ at man ikke er kvensk». Det fortel både om ei mindreverdsgjering av det kvenske og om ei flukt frå den nedervde kvenske identiteten som resultat av undertrykkinga.

For Seppola Simonsen, er det kvenske ikkje ein identitet poeten er fødd i og har levd i på same vis som for Kristiansen og Simonsens besteforeldregenerasjon: Det kvenske opphavet er noko poeten fekk vita om som tenåring.

Røter og individualitet

Det har vore skrive mykje om røter gjennom tidene, ikkje berre om planterøter, men kulturelle røter som feste og næringsgjevar for identitet. «Jeg er fra jorden og skogen med alle mine røtter», skreiv Hamsun.

Før Hjerteskog/Syðämettä gav Seppola Simonsen for eit par år sidan ut ein såkalla boksingel, Nord, der eit dikt opnar med «Det kvenske blodet/ tiner under huden/ årene er sprengfulle.» Det går ei line frå Nord til årets diktsamling (som vel må reknast som poetens eigentlege debut). Det er dikt som bokstaveleg tala handlar om røter, i eit dikt er Simonsen i eit rom omslutta av røter, og skogen flyttar inn i poeten. Boka inneheld stort sett naturdikt og eit eg som overskrid grensene mellom naturen, dyrelivet og eigen identitet, og som nærmar seg ei utsletting av individualiteten.

At det er den kvenske arven poeten er ute etter å gjenerobra, vert tydeleggjort gjennom bruk av kvenske ord strødd rundt i diktsamlinga. Dei er ikkje omsette (eg saknar ei ordliste bak i boka), og kanskje er tanken at vi på dette viset skal bli minna om at vi framleis har ein kvensk-språkleg minoritet i Noreg – og om eit folkeslag med eit språk og ein kultur som vart utsett for trakassering gjennom fornorskingsprosjekta.

---

Poesi

M. Seppola Simonsen

Hjerteskog // Syđänmettä

106 sider, Flamme forlag 2022

hjerteskog

---

Blod og røter

Det melder seg for meg eit spørsmål ved den fascinerande inngåinga i den fysiske naturen som er motiv i fleire av dikta, ein dragnad mot sjølvutsletting ved å oppløysast i den større naturen: Dette er det mest utfordrande og spennande i samlinga, som elles er noko tradisjonell naturpoetisk, men samstundes les eg inn i denne naturtilslutninga ei ureflektert naturdyrking som – saman med stamme/blodsorienteringa – kan føra den idealistiske poeten på villspor.

Det finst eit grenseområde mellom vårt alt for seint forståtte ansvar for det sårbare skaparverket og ei dyrking av det – der mennesket blir oppfatta som genetisk og fysisk/biologisk fenomen med særleg type blod avhengig av kvar ein har sine røter. Eg trur ikkje Simonsen vil kryssa den grensa, men ungpoeten streifer rundt på område ikkje så langt unna.

Lovande

Som debutsamling vurdert, er det mangt lovande i denne. Det er dette problematiske eg har peika på, fascinerande og skremmande på same tid, som viser ein djervskap som er nødvendig for den poeten som vil syna lesaren noko nytt og uventa. Dette med å leggja inn (for norske lesararar) ord frå framandspråk, er jo ikkje nytt i modernismen, Erza Pound var meisteren i det. Men dette er likevel lite utvikla i norsk kontekst, og her er det effektivt ved å visa til ein nesten usynleggjort kultur.

Uklårt, anonymt

Derimot er det noko monotont over diktsamlinga som heilskap, lesaren vert ikkje gripen med i ein utviklingsgang: Dette gjeld for mange av einskildsdikta og likeins for boka som heilskap. Eg etterlyser ikkje ein romanstruktur i ei diktsamling, ikkje epikk, derimot anten at einskilddikta kvar for seg er avslutta diktverk (ei diktsamling i gamaldags forstand) eller at dei i «samtale» med andre dikt i samlinga blir til ein kunstnarleg heilskap.

Freistnadene på å gå inn i naturen framstår ofte som påstand meir enn som noko lesaren trur på.

—  Knut Ødegård

Det blir noko uklårt og anonymt over diktar-eget her, som fører til at freistnadene på å gå inn i naturen ofte framstår som påstand meir enn som noko lesaren trur på.

Den som skriv

Ein diktar må kunne forføra lesaren til å tru på at det han eller ho diktar opp er den reine sanning. Dette er i utakt med det eg ovanfor skreiv om djervskapen: Eg trur nok at når M. Seppola Simonsen kjem att (for det gjer nok denne poeten), så er djervskapen utvikla til også å tydeleggjera den som skriv – og i ein struktur der det einskilde dikt får eit avklåra liv.

Seppola Simonsen bør nok ta djervskapen med seg vidare slik at vi «ser», og dermed i større grad trur på den som talar til oss.

Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser