Kultur

Tøft jenteliv

Den franske manusforfattaren og regissøren Céline Sciamme har laga tre modige filmar om barndom og ungdom. I den førre filmen som gjekk på kino i Norge, Vannliljer (norsk premiere i 2008), skildra ho ung lyst og seksualitet hjå tenåringsjenter. Tomboy, om ein 10-årig transperson, har ikkje fått ordinær visning her til lands. I den sterke filmen Girlhood fortel Sciamme historia til Marieme (Karidja Toure), som bur i ein fattig forstad til Paris.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Mariemes draum er å skape seg ei framtid, men ho har ikkje dei beste føresetnadene for å lukkast. Ho får for dårlege karakterar til å bli uteksaminert frå vidaregåande, familien hennar er ikkje av den stabile sorten, og miljøet ho vankar i, er heller ikkje det mest håpefulle.

Lysande scene

16 år gamle Marieme blir med i ein småkriminell jentegjeng leia av den tøffe Lady (Assa Sylla). Endeleg kan ho danse, slåst og le høglydt saman med andre – slik ho opplever det: endeleg kan ho vere ungdom. I ei lang og lysande scene dansar jentene til Rihannas låt «Diamonds», ei scene som både er optimistisk og sår, for kor lenge vil dagane deira funkle?

Etter kvart viser det seg at den småkriminelle jentegjengen er ute på breidder som skrånar meir enn dei i utgangspunktet var klare for. Der Marieme først endrar namnet sitt til Vic, og blir med på å stele klede og sminke, er ho brått i omgangskrinsen til farlege og kyniske bakmenn som har potensial til å øydelegge livet hennar totalt.

Mange kjensler

Karidja Toure er svært god i hovudrolla som Marieme/Vic. Ho rommar heile spekteret av kjensler i ein tenåringskropp, frå det sjølvsikre til det usikre, frå pågangsmot til redsel. Regissør Sciamme maktar med denne filmen å vise oss kor vanskeleg eit tenåringsliv kan vere berre ein liten togtur frå sentrum av Paris. Derifrå er heller ikkje turen så lang til Noreg og Oslo. Mange norske ungdommar lever også i ein tøff kvardag. Kanskje må endå fleire av oss jobbe for at ungdommen har andre framtidsutsikter enn dei kan finne i kriminelle og destruktive miljø?

Les også anmeldelsene av andre julefilmer:

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur