Vis nåde, KrF!
TRANSPERSONAR: Medan den amerikanske biskopen Mariann Budde, ber president Trump om å visa nåde mot skeive som fryktar for liva sine, vel KrF her heime å retta skyts mot transpersonar.
KRF: – Transpersonar er ikkje ein trussel mot ungane våre – dei er barna våre, vennane våre, kollegaene våre og naboane våre, skriv Alexander Papas i Hordaland SV. På bilete: Dag Inge Ulstein.
Det er urovekkjande og trist at KrF skyv «barna sitt beste» framfor seg i ein giftig og oppkonstruert kjønnsdebatt. Som sjølv oppvaksen i eit kristent miljø, der trua rettnok har falle frå, er det heldigvis noko som står att: Nestekjærleik og nåde.
Transpersonar i Noreg har langt dårlegare levekår enn andre. Derfor er det heilt sjølvsagt at politikarane skal diskutera korleis desse menneska kan leva gode og meiningsfulle liv. Det krev kritiske spørsmål, men òg respekt. Nettopp derfor er det så synd at KrF, i eit forsøk på å vera kritiske, er fordomsfulle og nedlatande i møte med ei sårbar gruppe menneske. Det kler ikkje partiet som ber fana høgt for nestekjærleik og menneskeverd.
Ekskluderande og skadeleg
Bestill abonnement her
KJØP