Vi er på heilag grunn

MOSTER 2024: Bodskapen på denne dagen, med feiringa av kristenretten i tusen år, er at Guds kjærleik mellom oss blir levande også der vi trudde den ikkje kunne finne sin stad.

ORD OG VILJE: – På denne staden kom Kristus-kjærleiken til oss gjennom ord og vilje, ikkje med våpen eller ufred, seier Jepsen i si preike.
Publisert Sist oppdatert

Preike over forteljinga om den miskunnsame samaritanen (Luk 10, 25-37), på Moster 2. juni.

Vi er på heilag grunn. Denne dagen kjenner vi oss som del av den heilage lekkja av menneske som før oss har trått grunnen vi står på. Som her har lagt att sine bøner, sine tårer, si glede, sine håp og si framtidsvon. Og som har fått gå herifrå med ny von, velsigning og visse om kjærleik. Levande steinar vart lagt på denne staden og har slik fått vere byggesteinar, ikkje berre for kyrkja på Moster, men for kyrkja i Noreg. Det gjer noko med oss å prøve å tenke attende til då staden under føtene våre vart vigsla til heilag jord for å ta imot den treeinige Gud. Gjennom tusen år har her vore eit Kristusnærvær. Vi blir på same tid del av Guds tid, som gjennom Jesus Kristus også er blitt vår tid. Og vi får sanne det vakre – og ufattelege - i Guds æve: For han er dagen tusen år, og tusen år ein sommardag.

Evangeliet om Jesus Kristus har alltid som mål å gjere Kristi kjærleik levande mellom oss. Bodskapen på denne dagen, med feiringa av kristenretten i tusen år, er at Guds kjærleik mellom oss blir levande også der vi trudde den ikkje kunne finne sin stad. Forteljinga om det som hender på vegen mellom Jerusalem og Jeriko, er del av vår felles arv. Den har gjeve oss uttrykk i språket som vi bruker, også når vi kanskje ikkje lenger heilt veit opphavet til dei. Og det er slik forteljinga seier; at vegen frå Jerusalem til Jeriko, den går nedover. Det er så bratt at ein kjenner det i kroppen, i øyrene. Og vegen er bein, ein ser målet der framme, ein ser kvar ein skal. I det aude ørkenområdet vil det synast godt om nokon går utanom. Og i alle fall om ein som treng omsorg og hjelp blir liggande att åleine fordi nokon skulle bli freista til å gå forbi. Samaritanen, han som kunne ha gått vidare utan å stanse opp, han blir døme på ein som gjer kjærleiken levande – mot alle odds. Det er også svaret til den unge mannen som spør Jesus om kva han skal gjere for å få evig liv: At Guds kjærleik krev av oss – og den er levande mellom oss. Og den møter oss på uventa og nådefullt vis.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP