Vart forsøkt utrydda – mistar håpet
JESIDIANE: IS drap menn for fote og gjorde kvinner til sex-slavar og handelsvare. Ti år etterpå er dei overlevande jesidiane i ferd med å mista alt håp om ei framtid.
KLÆR: – Over 6400 unge kvinner vart kidnappa til sex-slaveri og seinare vidaresal med prislapp, skriver Johannes Morken. Bildet er fra 2016 og viser klærne til en jente som ble kidnappet og levde som slave i Nord-Irak. En aktivist tok vare på klærne hennes for å dokumentere forbrytelsen.
(AP Photo/Maya Alleruzzo, File)
Vi hugsar grufulle naudrop frå Sinjar nord i Irak i 2014. Bestialske IS-krigarar prøvde frå 3. august å utrydda ein for oss den gongen litt ukjend religiøs minoritet. IS stempla dei fredelege jesidiane som «vantru» og «djeveldyrkarar».
IS-krigarar drap for fote og fylte massegraver. Over 6400 unge kvinner vart kidnappa til sex-slaveri og seinare vidaresal med prislapp. Unge menn vart bortførte, tvangskonverterte og indoktrinerte til å bli IS-krigarar.
Ti år etterpå lever jesidiane framleis midt i tragedien. 2700 av kvinnene er ikkje komne heim, ingen veit om dei er i live. Fleire hundre tusen lever som flyktningar. Dei har ingen sjanse til å gløyma, noko vi synest vel i stand til.