Utøya er heilag grunn

I fleire tusen år har pilegrimar oppsøkt heilage stader. Søndag 5. mai kjem omtrent 80 pilegrimar til Utøya. Kan det gi meining å sjå den vesle øya som ein slags «heilag grunn»?

–Terroristen ønskte å utrydda alt det den vesle sommarleirøya og ungdommane stod for. Trass dei enorme tapa, er staden blitt eit kraftsenter – som formidlar håp, skriver innsenderen. Bildet er fra AUFs sommerleir i 2023.
Publisert Sist oppdatert

Samfunnsforskaren Ingeborg Hjorth har undersøkt den nasjonale minnestadprosessen etter 22. juli 2011, i lys av tilsvarande prosessar i andre land. I USA blei åstader for terror raskt definerte som «heilag grunn», fortel ho i ein artikkel i Norsk sosiologisk tidsskrift.

For mange truande er ordet heilag reservert for det religiøst opphøgde – det mystiske som framkallar ærefrykt, «det som er heilt annleis», slik religionshistorikaren Rudolf Otto sa det. For meg som kristen gir dette meining, og samtidig trur eg at heile skaparverket rommar det heilage, fordi den alltid skapande, sårmerka og levande Gud fyller det frå inst til ytst. Andre religiøse utgangspunkt gir andre tankar om det heilage. For ein ateist er det gjerne irrelevant. Men hjå veldig mange menneske, gir tanken på menneskelivet som «heilagt og ukrenkeleg» gjenklang.

Heilage historier

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP