«Trygg» er ikkje eit av kyrkjas kjenneteikn

TRYGGLEIK: Spørsmålet er ikkje om kyrkja er «trygg» eller ikkje, men om ho vitnar sannferdig om eit liv under Kristi kross.

«Sjølv om det er mange gode og forståelege grunnar til å ønskja seg ei 'trygg' kyrkje, så er omgrepet 'trygg' eit dårleg leiemotiv om ein vil driva med kyrkjeleg sjølvprøving», skriv Bård Norheim. Bildet syner den katolske kyrkja St. Svithun i Stavanger.
Publisert Sist oppdatert

I sommar har det vore debatt om kva som eventuelt gjer ei kyrkje «trygg» eller ikkje, etter eit intervju med MFs kommunikasjonsleiar Ragnhild Helena Aadland Høen i Dagen om hennar konversjon til Den katolske kyrkja.

Sjølv om det er mange gode og forståelege grunnar til å ønskja seg ei «trygg» kyrkje, så er omgrepet «trygg» eit dårleg leiemotiv om ein vil driva med kyrkjeleg sjølvprøving. Då er det heller grunn til å vri på fokuset. «Trygg» er nemleg ikkje eit av kyrkjas kjenneteikn, verken i den apostoliske truvedkjenninga eller i den evangelisk-lutherske tradisjonen.

Sju kjenneteikn

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS