Tre slags religionskritikk
Vårt Land hadde nyleg ein omtale av Dagfinn Ullestad si ferske bok «Mot en grense. Fra troende og prest til sekulær humanist. En eksistensiell beretning».
Boka gir eit djuploddande innblikk i forfattaren si trusreise – frå kristen oppvekst via mange års presteteneste og fram til det Ullestad kallar ei «grense», der den kristne tradisjonen ikkje lenger gir personleg meining. Boka er såleis eit stykke fråfallshistorie, der forfattaren kjempar ein jakobskamp med Gud, men endar opp med (slik han formulerer det) ikkje lenger å ha guds blikk over sitt liv.
I sin omtale av boka seier Per Eriksen at boka er spennande som fråfallshistorie, men ikkje så interessant som religionskritikk. I den tredje og siste delen av boka finn vi eit kapittel som har tittelen «Religionskritikk» der Ullestad løftar fram Andreas Edwien (1921-2015) som ein av dei skarpaste religionskritikarane i norsk kontekst. Edwien vart ikkje tatt på alvor av det teologiske etablissementet, men hans spissformulerte religionskritikk er nok representativ for mange. Ullestad ønskjer openbert å løfte fram arven etter Edwien.
Men kva slags religionskritikk er det Edwien står for? Den sekulære humanisten Bertrand Russell skil på 30-talet mellom «intellektuell» og «moralsk» religionskritikk. Den intellektuelle kritikken er rasjonalistisk og rettar seg mot mirakeltru og overnaturlege førestillingar. Den moralske kritikken er meir politisk i sin karakter men rettar seg også mot det ein ser som umoralske trekk ved gudsbiletet. Edwien representerer begge dei to formene for religionskritikk, symbolisert ved boktitlar som «Dogmet om Jesus» og «Er kristendommen en fare for verdensfreden?»
Bestill abonnement her
KJØP