Større perspektiv?
DEN NORSKE KIRKE: «Det er lov å bli eldre og se et større bilde,» seier biskopen i Møre, og stemplar dermed alle med eit tradisjonelt syn på samkjønna ekteskap som mindre vidsynte, eller sneversynte.
BIBELSK LÆRE: Det er faktisk mange av oss som er eldre enn biskopen, men som fortsatt står på kyrkjas gamle lære og ikkje har fått eit «større bilde» av det som Bibelen lærer oss, skriv Einy Rendal Elgsæther.
Erlend Berge
Det er ganske nedlatande overfor medarbeidarar og andre kyrkjemedlemar, biskop Ingeborg. Dessutan er det faktisk mange av oss som er eldre enn biskopen, men som fortsatt står på kyrkjas gamle lære og ikkje har fått eit «større bilde» av det som Bibelen lærer oss.
Eg høyrer til dei som har vald å bli verande i den kyrkja som eg høyrer heime i, sjølv om eg ser at det snart ikkje er lov å ha eit konservativt syn på samliv, kjønn og ekteskap. Det er ikkje underleg om kyrkja tømmes for konservative kristne, som stille forlet den kyrkja dei er glade i, som dei etter kvart blir skvisa ut av, og finn seg plass i ei eller anna frikyrkje. Eg kjenner slike, og eg beklager det sterkt. Kanskje Den norske kyrkja hadde hatt bruk for dei?
Vegrar seg mot å bli prest