Skjerm meg mot skjermane i kyrkja
DIGITALISERING AV KYRKJA: Skjønar ikkje kyrkjeleiinga at det er sjølvaste religiøsiteten; dialogen og relasjonen til Gud Fader som ved desse «nyvinningane» står på spel?
BYGGJER OPP TRUA: «Den fysiske salmeboka byggjer opp trua og let meg falda hendene rundt henne. Det gjer ikkje ein skjerm», skriver Ola Garli.
Gorm Kallestad
Bruken av skjermar i kyrkjehusa aukar landet rundt. Vakre veggar vert tildekte av tekstar og bilete, og skjermane vert gjerne plasserte på dei stadene framme på østveggane der ein tidlegare har hatt salmetavler på høgde med preikestolane. Heldigvis har eg til no ikkje sett alterbilete tildekt eller alterskulpturar nytta som stativ for lerret. Ikkje for det, det førekjem meg at eg har vore borti motoriserte prosjektorlerret, som under bruk dekkjer koropninga og det vesle som fins av symbolbruk i kyrkjehuset, for så å bli køyrt opp att etter at salmen er ferdig sunge.
Skjønar ikkje kyrkjeleiinga at det er sjølvaste religiøsiteten; dialogen og relasjonen til Gud Fader som ved desse «nyvinningane» står på spel? Fokuset vert flytta frå altar og preikestol og anna religiøs symbolikk som eit kyrkjehus er fylt av, og over til lysande og uvakre lysfelt på veggane.
Gje med salmeboka tilbake
Bestill abonnement her
KJØP