Putin drep ulydige prestar
KRIG: Prestar, pastorar og diakonar som motset seg russifisering av okkuperte delar av Ukraina, lever farleg. 69 er så langt drepne, fleire medan dei utførte presteteneste.
MINNESTAD: Assisterande generalsekretær Anatoliy Raychynets i Det ukrainske bibelselskapet (nummer to frå venstre) ærar saman med kollegaer den drepne pastoren Yaraslavl Pavenko i 2024, nær ven av Raychynets. Dei står framfor ein minnestad for fire pinsevener som vart drepne i Slaviansk juni 2014, like etter den russiske invasjonen aust i Ukraina for 11 år sidan.Foto: Det ukrainske bibelselskapet
«Ein av dei drepne pastorane var nær ven av meg. Yaraslavl Pavenko og eg gjorde teneste saman i mange år,» fortel Anatoliy Raychynets.
Som nestleiar i det ukrainske bibelselskapet har Raychynets i praksis leia kyrkjerådet i Ukraina – som samlar alle kyrkjer i det krigsherja landet – i lange periodar etter den russiske fullskalainvasjonen i februar 2022.
Med dødeleg makt