Pollestad prøver å harselera

BIBELOMSETJING: Kvalitetsomsetjing av Bibelen kan aldri vera anna enn gruppearbeid. At eitt enkelt menneske set seg føre å omsetja Bibelen, kan berre omtalast som «formasteleg».

VANSKELEG: Dugande menneske har likevel opp gjennom tidene prøvd å skriva så rette og gode bibelversjonar som mogeleg, skriv Sylfest Lomheim.
Publisert Sist oppdatert

Kjell Arild Pollestad prøver den 2. februar å harselera over meg som professor i norsk og omsetjing: «han kaller seg ‘professor i oversettelse’». Det finst ikkje få kollegaer ute i Europa som har tittel professor i omsetjing.

Pollestads pinlege latterleggjering overlet eg til behandling av faktum: Oppslagsverk fortel eg har vore førsteopponent under doktordisputasar i omsetjing ved universitetet i Poznan (Polen), Surrey (England) og Sorbonne (Frankrike).

Elles er det fornøyeleg at Pollestad konsekvent bommar på førenamnet mitt, norsk variant av Silvester. Som katolikk veit Pollestad at Silvester var namnet til i alt fem pavar før 1300. Artig at han ikkje har kontroll på den norske varianten. Eg tenkjer uvilkårleg på ein (katolsk) rådgjevar i Språkrådet som kalla meg Silvester VI...

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP