Politisk redaktør prisar MDG sine luftige forslag
Berit Aalborg roser MDG sin politikk, men kva med bevis for at deira forslag gjev oss eit næringsliv til å leve av, er til gagn for landet eller hindrar klimaendringar?
MDG har halde 'digitalt' landsmøte og vedteke fråsegna "Grønn politikk under koronakrisen", der dei seier nei til statlege lånegarantiar for investeringar i fossil energi. I staden vil dei ha ein aktiv, statleg næringspolitikk retta mot havvind, karbonfangst og lagring, skriv Berit Aalborg, politisk redaktør i Vårt Land. Ho prisar partiet for engasjement, gjennomføringskraft og ein innovativ klima-, gründer- og næringspolitikk. Kommentaren er illustrert med koronavirus som renn gjennom eit timeglas og deretter gjev grobotn for ei grøn plante. Det skal sjølvsagt vise at sjølv koronakrisa kan føre til noko positivt for MDG, men bildet er misvisande, for faktum er at grøne planter og alt liv har opphav i karbondioksid, MDG sin fiende nummer éin.
Som sanningsvitne for at vi kan leve av eit 'grønt' næringsliv, viser Aalborg til forretningsmannen Jens Ulltveit-Moe, som i januar stod fram som MDG-veljar i eit intervju i E24. Men han er først og fremst eit eksempel på det motsette. Dagens Næringsliv skreiv 11. februar at Ulltveit-Moe hadde tapt heile 4-5 milliardar kroner siste åra på investeringar nettopp i biodrivstoff og solenergi.
Offentlege satsingar på karbonfangst og -lagring har heller ikkje vore nokon suksess. Stoltenbergs 'månelandingsprosjekt' på Mongstad kosta oss 9,6 milliardar til inga nytte. Skogen og skogsjorda i Noreg lagrar derimot 25 millionar tonn karbondioksid kvar år. Globalt lagrar biosfæren på landjorda over hundre gonger meir per år enn menneska maktar (forstkandidat Trygve Refsdal, Dag og Tid 24.4.20).