Paul Gottfried

Tidleg på sekstitalet var Herbert Marcuse professor på Brandeis University i Kentucky, men hadde samtidig eit kurs i politisk historie på Yale University. Kvar veke tok han toget til New Haven for å halda den faste førelesinga i sosialismens historie. Kvar veke dukka ein ung mann trufast opp. Mannen var Paul Gottfried, ein ung jødisk student med ein far som kom frå mellom-Europa. Marcuse var av disiplane til Frankfurterskulen, marxist-leninist og eit utprega døme på kontinental ”Bildung”. Gottfried var konservativ og antikommunist med ein viss sympati for McCarthy. Dette umake paret likte kvarandre med ein gong. Kanskje avdi dei hadde røter i den same sentraleuropeiske, jødiske kulturen.

Publisert Sist oppdatert

I sjølvbiografien sin, ”Encounters”, understrekar den gamalkonservative Gottfried at han lærde akademisk fridom av ein erklært marxist-leninist. Mot slutten av kurset spurde den grånande professoren studentane sine om nokon kunne tenkja seg å utfordra Karl Marx si tolking av opprøret i Paris mai 1848. Gottfried melde seg, og gjekk heim for å gjera leksene sine. Han bygde hovuddelen av innlegget sitt på Tocueville si tolking av same hending. Gottfried sitt poengterte innlegg var som ei energiinnsprøyting i den gamle professoren, som tok fram det tunge skytset for å forsvara Marx sin posisjon. Gottfried forsvarte seg som best han kunne – og greidde på eit vis å halda posisjonen sin. Etterpå takka professoren for verdig motstand – og gav Gottfried beste karakter. I Gottfried sine augo kjem Marcuse svært godt frå samanlikninga med dei liberale professorane på same tid som du helst skulle vera samd med, og som den unge Gottfried valde å kalla ”liberale fascistar” av mangel på betre omgrep.

Dette var byrjinga på den akademiske karrieren til ein av dei mest skarpskodde og interessante intellektuelle på amerikansk høgreside. Gottfried har heile vegen vore noko for seg sjølv. Konservativ, antikommunist – men samstundes genuint oppteken av marxistisk teori, eurokommunisme og Frankfurterskulen. Ein ung jøde som var totalt framand for den jødiske radikalismen som prega amerikanske universitet på sekstitalet, dei åra Gottfried byrja sin akademiske karriere.I akademisk samanheng har Gottfried vore ein av mennene bak Telos, tidsskriftet som vart oppretta for å spreida den kritiske teorien til Frankfurterskulen i USA. Sjølv har han brukt den kritiske teorien, og ei rad andre inspirasjonskjelder, som analyseverktøy mot det liberale hegemoniet i USA, mot feminisme, politisk korrekt tenkjing – og mot nykonservativ retorikk om demokrati og global intervensjon. Gottfried er ingen politisk visjonær; tvert om tyder mykje på at han mislikar politiske visjonar av instinkt. Men Gottfried er som sin første mentor eit døme på ”Bildung”, på omfattande kunnskapar og eit fritt sinn.

Dei siste åra har eg lese det meste som har kome frå Gottfried si hand. Så lenge du les Gottfried er du i intelligent selskap. Boka hans om den konservative rørsla i USA, ”Conservatism in America”, syner overtydande korleis den konservative rørsla i USA manglar røter i amerikansk historie. Rørsla vaks ut av femtitalets antikommunisme, og sjølv om rørsla medvite knytte seg til den konservative tradisjonen i Europa manglar det ein god del på at rørsla greidde festa røter i ein amerikansk røyndom. Det var antikommunismen som heldt rørsla saman, og då dei nykonservative i stor grad overtok rørsla på åttitalet vart desse veikskapane synlege. I staden for konservativt måtehald og respekt for historiske samfunn vart fasiten nykonservativ, væpna global misjon for det amerikanske patensvaret på alle samfunnsproblem. Denne ”konservatismen” blir av Gottfried og andre gamalkonservative avvist som ein ”ny jakobinisme”.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP