Noreg treng ei bistandsreform
BISTAND: Vi må tenkja nytt rundt korleis vi skal bruka dei potensielt viktigaste milliardane våre på statsbudsjettet.
TRENGS GREP: – I dag er norsk bistand spreidd for tynt utover, skriv Sveinung Rotevatn. Venstre foreslår mellom anna å auka finansieringa til både Norfund og Klimainvesteringsfondet. Det er to effektive verktøy for å redusera fattigdom og kutta klimagassutslepp, meiner Rotevatn. Biletet er av solenergifarmen rundt Hjolderup i Danmark.
Mads Claus Rasmussen
Aldri før har det vore eit større gap mellom globale behov og tilgjengelege bistandsmidlar. Tal frå Uppsala universitet viser at det aldri har vore fleire væpna konfliktar enn i 2023. Over ein milliard fleire menneske bur i land i konflikt enn for 20 år sidan.
Samtidig som dei humanitære behova aukar, står vi overfor ein klima- og miljøkrise med globale mål som heng i ein stadig tynnare tråd. Som om det ikkje var nok, har fattigdomsreduksjonen dei siste åra stagnert, og det er estimert at 600 millionar menneske framleis vil leva i ekstrem fattigdom i 2030.
Spreidd tynt utover
Bestill abonnement her
KJØP