Når TikTok og Trump inspirerer

MACHO-TIKTOK: Unge menn må ta ansvar for kor dei hentar inspirasjon og løysingar på eigne problem.

– Problemet oppstår likevel når ein del, særleg menn, snakkar som om dei alle berre er offer for samfunnsutviklinga, at dei berre sit der og ser på at sjansar og potensiale sakte svinner hen og maskuline verdiar går tapte skriver Mai Lene Hæåk.
Publisert Sist oppdatert

Eg skal ikkje legge skjul på at denne kronikken har blitt til fordi eg er dritlei. Lei av Trump, lei av å høyre at Trump er svaret på utfordringane menn møter, at han er svaret på det dei konservative treng. Ja, ver så snill, ver flink pike og set deg ned og forstå.

Men nei, eg vil ikkje forstå eller sitje pent og pynteleg og lytte til dei som kjem med unnskyldningar overfor det som snart blir verdas mektigaste mann.

Eg vil bli høyrt, og eg vil at dei som meiner at ein president som snakkar om kvinner som bruk og kast-varer «har nokre poeng», skal høyre på kva eg har å seie.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS