Når «klok» blir «taus»
ORDSKIFTE: I teologiske debattar ser vi fleire teikn til at klokskap for folk med tradisjonell teologi handlar om trø varsamt. Klok blir gjerne ein slags kristeleg sjølvsensur, eit kall til å gå stilt i dørene.
TAUSE MEININGAR: – Handlar det å «vera klok» for kristne med tradisjonelt bibelsyn om å sitja pal i kyrkjebenken? spør Sofie Braut. Ho ønskjer seg meir tillit blant meiningsmotstandarar.
Lightspring / Shutterstock / NTB
Å vera klok er i den bibelske visdomslitteraturen langt på veg framstilt som sjølve essensen i eit framgangsrikt og fruktbart liv. Bibelen er sjølvsagt ikkje åleine om å framheva klokskap som kardinaldygd. Eit sveip over annan religiøs litteratur, mytologi og grunnleggande filosofi seier det same.
Vi menneske må søka klokskap. Vi må imidlertid også finna ut kva klokskap betyr i ulike samanhengar, elles blir kravet om å vera klok, fort redusert til eit generelt bjeffande «pass deg».
I teologiske debattar ser vi fleire teikn til at klokskap for folk med tradisjonell teologi handlar om trø varsamt. Klok blir gjerne ein slags kristeleg sjølvsensur, eit kall til å gå stilt i dørene og prioritera husfred over substans og konsistens.