Når ekstremistar pressar oss
BLASFEMI: Frå Pakistan får eg ferske bilete av brennande heimar og knuste kyrkjer. Blasfemilova er i ferd med å øydeleggja landet.
BLASFEMI: Blasfemilova blir brukt (og misbrukt) i personlege vendettaer og som middel for å ramma religiøse minoritetar, skriv Johannes Morken. Bilete er frå ein demonstrasjon mot ei kvinne arrestert etter blasfemiskuldingar i Lahore i Pakistan i april i år.
K.M. Chaudary
Det er gode grunnar for å halda fram ein seriøs debatt om kva grenser som kan setjast for hatefulle provokatørar – for å verna vårt eige demokrati.
Men éin ting står fast: Vi skal ikkje gje etter for press frå autoritære herskarar som på heimebane målretta brukar blasfemilover for å verna eigen religion og eigen maktbase. Dei manglar ofte vilje til å verna religiøse minoritetar. Vi kunne ha snakka om Tyrkia. Men lat oss ta Pakistan: Ei grufull blasfemilov er i desse dagar blitt endå verre. Ekstremistane styrer agendaen. Regjeringa fiskar når som helst i rørt vatn. Som når provokatørar brenner Koranen.
Etter den første av koranbrenningane i Stockholm i sommar bad statsminister Shahbaz Sharif i Pakistan om «ein dag for å markera den heilage Koranen». Det utløyste landsomfemnande protestar mot Sverige.